Svartisen
Svartisen | |
isbre | |
Engabreen, ein brearm av Svartisen | |
Land | Noreg |
---|---|
Område | Salten |
Type | Platåbre |
Areal | 367 km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Wikimedia Commons: Svartisen | |
Svartisen er ein isbre i Nordland, som eigentleg er sett saman av to isbrear. Vestre Svartisen er Noregs nest største (219 km²), etter Jostedalsbreen, og Austre Svartisen er Noregs fjerde største (148 km²).
Svartisen ligg i kommunane Saltdal, Rana, Rødøy, Meløy og Beiarn, alle i Nordland. Ei av brearmene, Engabreen var under Den litle istida på havnivå og er Fastlands-Europas lågastliggjande, berre 100 m.o.h. pr 2014. Svartisen er del av Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark. Smeltevatn frå breen blir samla opp av fleire tunnelar og nytta til kraftproduksjon.
Bakgrunnsstoff |
- Direktoratet for naturforvaltning
- Google-søk, svartisen
- Video Engabreen
|