Harstad kommune
Harstad kommune | ||
Hársttáid suohkan | ||
kommune | ||
| ||
Land | Noreg | |
---|---|---|
Fylke | Troms | |
Adm.senter | Harstad | |
Areal | 446 km² | |
- land | 429 km² | |
- vatn | 17 km² | |
Folketal | 24 820 (1. januar 2018) | |
Folketettleik | 58 / km² | |
Målform | nøytral | |
Ordførar | Marianne Bremnes (Ap) | |
Kommunenr. | 1903 | |
Wikimedia Commons: Harstad | ||
Nettstad: www.harstad.kommune.no | ||
Harstad, på nordsamisk Hárstták,[1] er ein kommune i Troms fylke. Han er etter folketal den nest største kommunen i fylket og den tredje største i Nord-Noreg. Under kommunereforma i 1964 blei Harstad slått saman med dei to tidlegare kommunane Trondenes og Sandtorg, og i 2013 med den tidlegare Bjarkøy kommune. Kommunen ligg på nord- og austsida av Hinnøya, den største øya i Noreg, i tillegg til Grytøya, Bjarkøy, Sandsøya og ei rekkje mindre øyer.
Byen Harstad er administrasjons- og skulesenter Sør-Troms, og eit viktig trafikknutepunkt, med mellom anna daglege vitjingar av Hurtigruta. Dei nordnorske festspela blir arrangerte i Harstad kvart år i slutten av juni. Lokalavisa i kommunen er Harstad Tidende.
Innhaldsliste
1 Forsvaret
2 Bydelar og bygder
3 Folketalsutvikling
4 Kjende harstadværingar
5 Verdt å sjå
6 Fotnotar
7 Bakgrunnsstoff
Forsvaret |
Harstad er tidlegare forsvarsby med Trondenes leir som mellom anna viser fram Adolfkanonen frå den andre verdskrigen. Han huser eller har husa:
Befalsskolen for Infanteriet i Nord-Norge låg i Trondenes leir fram til han blei lagt ned sommaren 2003.
Kystjegerkommandoen nyttar framleis Trondenes leir, men det har vore snakk om å flytta KJK til Tromsø.
Forsvarets musikkorps Nord-Norge (også kjent som divisjonsmusikken)- Forsvarets Lønnsadministrasjon
- Kystvakta KV «Harstad» har fått namnet sitt etter byen
Bydelar og bygder |
Harstad by har tolv bydelar: Trondenes, Sama, Harstadåsen, Skaret, Sentrum, Heggen, Seljestad, Harstadbotn, Åsby, Gangsås, Stangnes og Kanebogen.
Desse tettstadane og bygdene, rekna sørover frå nordvest, ligg i kommunen: Kasfjord, Ervik, Hagan, Kilhus, Grøtavær, Lundenes, Alvestad, Medkila, Breivik, Ruggevik, Kilbotn, Nordvik, Melvik, Sørvik, Halsebø, Fauskevåg, Gausvik, Haukebø og Sandtorg.
Folketalsutvikling |
Harstad kommune er den nest største kommunen i Troms etter folketal, og har vore det sidan kommunesamanslåingane i 1964.
Folketalsutvikling for noverande Harstad kommune frå 1930:
1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3][4][5] | 1.1.1961[3][4][5] | 1.1.1971[3] | 1.1.1981[3] | 1.1.1991[3] | 1.1.2001[3] | 1.1.2010[3] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
11 441a | 13 202a | 14 039a | 17 192 | 19 986 | 21 613 | 22 369 | 23 038 | 23 257 |
aTalet omfattar ikkje eit område som var del av Kvæfjord kommune fram til 1956, då det vart overført til gamle Trondenes kommune. Dette området hadde då 32 innbyggjarar.
Kjende harstadværingar |
Knut Andersen (1931–), filmregissør
Leif Bothner, (1905-1986) Milorg-leiar
Unni Anisdahl (1947–), sportsreportar i NRK (radio)
Kristin Clemet (1957–), politikar
Hans Egede (1686–1758), «Grønlands apostel»
Randi Hansen (1958–), popsongar
Karl Erik Harr (1940–), biletkunstnar
Kine Hellebust (1954–), songar, skodespelar
Leif Arne Heløe (1932–), politikar, sosialminister
Jon Lech Johansen (1983–), («DVD-Jon»)
Hanna Kvanmo (1926–2005), politikar
K.M. Myrland (1948–), visesongar
Runar Normann (1978–), fotballspelar
Iren Reppen (1965–), artist, forfattar
Kjetil Rolness («Jens Pikenes») (1961–), artist, forfattar/skribent
Lars A. Sandness («Poppa-Lars») (1973–), hip-hop-artist i Tungtvann
Odd Børre Sørensen («Rocke-Børre»), popsongar
Reidar Thomassen («Richard Macker») (1939–), forfattar
Tove Veierød (1940–), politikar, sosialminister
Unni Wikan (1944–), professor i sosialantropologi
Verdt å sjå |
Trondenes kyrkje frå ca 1250
Harstad kyrkje frå 1958- Harstad kulturhus
- Trondarnes Distriktsmuseum
- Trondenes Historiske Senter
- Altevågen
- Røkenes Gård
- Sandtorgholmen
- Adolfkanonen
Fotnotar |
↑ Fastsetting av samisk navn på Harstad kommune, Troms. Vitja 8. september 2018.
↑ 2,02,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
↑ 3,03,13,23,33,43,53,6 Folkemengd i Harstad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
↑ 4,04,1 Folkemengd i Sandtorg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
↑ 5,05,1 Folkemengd i Trondenes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Harstad kommune
- Harstad kommune sine heimesider
Kommunar i Troms | ||
---|---|---|
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|