Posts

Samiske språk

Image
Tradisjonelle grenser for dei samiske språkregionane: 1. Sørsamisk, 2. Umesamisk, 3. Pitesamisk, 4. Lulesamisk, 5. Nordsamisk, 6. Skoltesamisk, 7. Enaresamisk, 8. Kildinsamisk, 9. Tersamisk. Mørkare område representerer kommunar som godtek samisk som eit offisielt språk. Samiske språk er ei gruppe finsk-ugriske språk (i den uralske språkfamilien) som blir tala av samar i nordlege område i Noreg, Sverige, Finland og Russland (på Kola-halvøya). Dei mest ulike av dei samiske språka er heilt uforståelege seg imellom, men tilgrensande dialektar er alltid forståelege. Difor er det vanleg å seie at dei samiske språka dannar eit dialekt-kontinuum. Det største samiske språket er nordsamisk. Dei næraste slektningane til dei samiske språka er dei austersjøfinske. Innhaldsliste 1 Skriftspråk 2 Offisiell status 2.1 Noreg 2.2 Sverige 2.3 Finland 2.4 Russland 2.5 Norden 3 Typologiske særdrag 3.1 Uralske særdrag 3.2 Særdrag som vik av frå det typ...

Val Bregaglia

Image
Soglio i Val Bregaglia i Sveits Val Bregaglia (tysk Bergell Tal ) er ein dal i Alpane i Sveits og Italia. Elva Mera (eller Maira) renn gjennom dalen som byrjar ved Malojapasset (1815 moh.) som fører over til Engadin (dalen til elva Inn, som igjen fører til Donau) og strekkjer seg vestover til Chiavenna (333 moh.) like etter Mera renn i saman med Liro. Frå her snur han sørover mot Comosjøen. Det meste av dalen ligg i det sveitsiske distriktet Maloja, medan den nedre delen ligg i den italienske provinsen Sondrio. Bregagliafjella ligg sør for dalen. Dalen er unik fordi han omfattar nedslagsfeltet til tre store elvar, som kvar renn ut i forskjellige hav. Rhinen, som renn til Nordsjøen, Inn, via Donau til Svartehavet og Po som munnar ut i Adriahavet. Vicosoprano, Stampa, Bondo, Soglio og Castasegna er landsbyar (tidlegare kommunar) på sveitsisk side. Av italienske kommunar finn ein Villa di Chiavenna, Piuro og Chiavenna. Bakgrunnsstoff | Commons har multimedia som gjeld...

Vassreservoar

Image
Jung Hua-demninga på Da Han-elva i Taoyuan i Taiwan Vassmagasin [1] eller vassreservoar vert oftast nytta om ein kunstig innsjø som vert nytta til å lagre vatn for ymse bruk. Reservoar vert danna ved å byggje ei robust demning, vanlegvis av betong, jord, stein, eller ei blanding. Når demninga er ferdig fyller ei elv opp reservoaret. Innhaldsliste 1 Bruk 2 Størst 2.1 Overflateareal 3 Kjelder Bruk | Eit reservoar kan nyttast av vasskraftverk for å generere straum ved hjelp av store vassturbinar som virkar ved at vatnet strøymer gjennom røyr frå vassmagasinet til turbinen. Slike reservoar vert vanlegvis ikkje nytta for drikkevatn eller kunstig vatning. Reservoar kan nyttast på mange måtar for å kontrollere korleis vatnet strøymer vidare nedover vassvegane. Reservoar som vert nytta til kunstig vatning vert sleppe ut i eit nettverk av kanalar til jordbruksområde eller sekundære vassystem. Dette vatnet vert heller ikkje vanlegvis nytta til drikkev...

Fusa kommune

Image
Fusa kommune kommune kommunevåpen Land   Noreg Fylke Hordaland Adm.senter Eikelandsosen Areal 378 km²  - land 355 km²  - vatn 22 km² Folketal 3 920  ( 1. januar 2018 ) Folketettleik 11 / km² Målform nynorsk Ordførar Atle Kvåle (Ap) Kommunenr. 1241 Wikimedia Commons: Fusa Nettstad: www.fusa.kommune.no Fusa er ein kommune i Hordaland fylke. Kommunen grensar på land til Samnanger, Kvam, Kvinnherad, Tysnes og i sjø til Os. Fusa kommune har ei rik soga. Fusa var i perioden frå 1837 til 1854 del av Ous herad saman med Samnanger og Os. Fusa vart skild frå Ous som eigen kommune og eige prestegjeld frå 1855. I 1903 vart Fusa igjen delt i tre kommunar etter kyrkjesoknegrensene. Fusa, Strandvik og Hålandsdal var eigne kommunar i tidsrommet frå 1903 til 1963. I 1964 vart dei tre kommunane samla att. I 2003 vart Kongedømet Fusa utropt som eit kunstprosjekt med ei ...

SI-systemet

Image
SI-systemet (frå fransk Système International d'Unités ) er det internasjonale systemet for måleiningar. Formålet med systemet er å danne ein standard einingar som kan nyttast til vitskaplege, tekniske såvel som kvardagslege målingar. SI er bygd opp av sju fysisk definerte grunneiningar og to geometrisk definerte supplementseiningar. Desse har ein så kombinert til ulike avleia einingar. Innhaldsliste 1 Historikk 2 Einingar 2.1 Grunneiningar 2.2 Supplementseiningar 2.3 Avleia einingar 2.4 Tilleggseiningar 2.5 Prefiks 3 Sjå au 4 Bakgrunnsstoff Historikk | SI-systemet vart oppretta i 1960 av Generalkonferansen for mål og vekt i Paris og er utforma av den internasjonale komiteen for mål og vekt (CGPM). Systemet er ei vidareføring av MKSA-systemet (metersystemet) som vart tilrådd i 1948 for bruk i alle land som hadde vedteke meterkonvensjonen. Det er dette systemet som med nokre endringar og tillegg har blitt til SI-måleeininga...

Magnetisk feltstyrke

Magnetisk feltstyrke , magnetisk feltintensitet eller magnetiserande feltstyrke , eller vektorstorleik som blir brukt i elektromagnetismen. Feltstyrken har symbolet H . Magnetisk feltstyrke oppstår som følgje av elektrisk straum i leiarar, eller som ein verknad av indre, atomære eller molekylære straumar i permanent magnetiserte material. Samanhengen mellom magnetisk feltstyrke og den magnetiske flukstettleiken B er H = B /µ, der µ er den magnetiske permeabilitet. Sjå òg | magnetisme Kjelder | magnetisk feltstyrke. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/magnetisk_feltstyrke This page is only for reference, If you need detailed information, please check here

Magnetisering

Image
Elektrisitet Magnetisme Elektrostatikk Elektrisk lading Statisk elektrisitet Elektrisk felt Leiar Isolator Triboelektrisitet Elektrostatisk utlading Induksjon Coulomb-lova Elektrisk fluks Gauss-lova Elektrisk potensial energi Elektrisk dipolmoment Polarisasjonstettleik Magnetostatikk Ampère-lova Magnetfelt Magnetisering Magnetisk fluks Biot–Savart-lova Magnetisk moment Gauss' magnetismelov Elektrodynamikk Lorentz-kraft Elektromagnetisk induksjon Faradays lov Lenzs lov Forskyvingsstraum Maxwells likningar Elektromagnetisk felt Elektromagnetisk stråling Maxwell-tensor Poynting-vektor Liénard–Wiechert-potensial Jefimenkos likningar Virvelstraum Elektrisk krins Straum Potensial Spenning Motstand Ohms lov Seriekrins Parallellkrins Likestraum Vekselstraum Elektromotorisk spenning Kapasitans Induktans Impedans Resonanskammer Bølgjeleiar Kovaria...