Mona
Mona . Måleri av Anders Zorn frå 1898. Politikaren Mona Sahlin. Foto: Mattias Olsson, 2007 Mona er eit kvinnenamn som kan ha fleire ulike opphav. Mona har namnedag den 4. mai i Noreg, Sverige og på Færøyane. Namnet var særs populært i Noreg på 1960-talet, då over 1,2 % av nyfødde jenter fekk namnet. I 2009 var det 12 575 norske kvinner som heitte Mona. Innhaldsliste 1 Opphav 2 Namneberarar 3 Annan bruk 4 Kjelder Opphav | Mona kan vera ei kortform av det fønikiske eller latinske namnet Monika eller det spanske Ramona. Det kan vera ein engelsk skrivemåte for det irske Muadhnait , som er danna av muadh , 'god', og ei diminuitivending, eller ein transkripsjon av eit arabisk namn (منى) som betyr 'ønske', også skrive Mouna og Muna . Namneberarar | Mona Darkfeather (1883–1977), USA-amerikansk skodespelar Mona Hofland (f. 1929), norsk skodespelar Mona Røkke (f. 1940), norsk politikar Mona Lyngar (f. 1944), norsk forf...