Alla Nazimova som hovudpersonen Nora i Et dukkehjem, frå filmatiseringa i 1922.
Nora er eit norsk kvinnenamn som er ei kortform av Eleonora eller Leonora. På engelsk blir namnet òg skriva Norah. Namna er truleg avleidde av Helene, som tyder 'lys' eller 'å skinna' på gresk.
Innhaldsliste
1Bruk
2Namnedag
3Kjende namneberarar
4Oppdikta namneberarar
5Bakgrunnsstoff
5.1Fotnotar
Bruk |
Det er om lag 5 500 personar i Noreg som har Nora som første eller einaste førenamn, medan berre om lag 85 heiter Norah. Bruken av namnet for nyfødde tok til å auka rundt 1985 og nådde ein topp i byrjinga av 2000-talet.[1]
Namnedag |
Nora har namnedag den 14. april i Noreg. 1993–2001 hadde namnet den 17. mai som namnedag i Sverige.
Kjende namneberarar |
Nora Brockstedt (f. 1923), norsk skodespelar
Nora Ephron (f. 1941), amerikansk filmregissør
Norah Lange (1906–1972), argentinsk forfattar
Nora Simonhjell (f. 1970), norsk forfattar
Norah Jones (f. 1979), amerikansk musikar
Oppdikta namneberarar |
Nora Helmer, hovudpersonen i Et dukkehjem
Bakgrunnsstoff |
Norske navn
Søk etter norsk namnestatistikk for Nora hjå Statistisk Sentralbyrå
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...