Idi Amin





Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.


Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

















Idi Amin
Idi Amin -Archives New Zealand AAWV 23583, KIRK1, 5(B), R23930288.jpg

Fødd
17. mai 1925
Fødestad Koboko
Død
16. august 2003
Jidda

Idi Amin (fødd ca. 1928[1] i Koboko, død 16. august 2003 i Jidda, Saudi-Arabia) var ein ugandisk offiser og politikar; president og diktator i perioden 1971–1979. Nøyaktig fødselsdato er ukjend, men Amin brukte 1. januar som fødselsdag.


Amin vart kjent som ein svært brutal leiar og vart på 1970-talet samanlikna med historiske personar som Caligula, Hitler, Beria og Himmler. I fleire av nabolanda vart han stempla som «sadist, mordar, fascist og undertrykkjer».[2]




Innhaldsliste






  • 1 Karriere


  • 2 Anna


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Karriere |


Idi Amin innleidde sin militære karriere i 1946 då han verva seg til den britiske hæren i regimentet King's African Riflast (KAR). Han vart gjentekne gonger austafrikansk meister i tungvektsboksing i åra 1951–1960. I løpet av desse åra steg han i gradane, og etter at Uganda vart sjølvstendig i (1962) vart han utnemnt til sjef for hæren i 1966. Amin var ein av frontfigurane under militærkuppet i 1971, då den dåverande presidenten, Milton Obote, vart styrta, og Amin vart gjort til leiaren i landet.


Etter at Amin hadde utnemnt seg til president på livstid, og utvist alle asiatar frå landet, noko som fekk alvorlege konsekvensar for Ugandas økonomi, byrja han å få verdsopinionen mot seg. Hans omsynslause forfølging og massemord på menneskje frå blant anna acholi- og langostammene, gjorde ikkje situasjonen betre. I 1978 vart Uganda invadert av eksilnasjonalistar og tanzanianske styrkar, og året etter greidde ein å styrta Amin, som då flykta til Libya.


Han busette seg seinare i Saudi-Arabia, der han levde fram til sin død i 2003.



Anna |





Karikatur av Idi Amin


  • Den antekne syfilisen-sjuke diktatoren, som gjekk under namnet «Afrikas slaktar», vert i dag rekna for å vera skyldig i fleire hundre tusen døden til menneske eller forsvinning.

  • Idi Amin vart presentert i filmen Highway to Hell der han hadde bordreservasjon saman med Adolf Hitler og Kleopatra VII av Egypt som begge allereie var til steda.

  • I slutten av november 2014 sende sonen, Hussein Amin ein klaga på nekrologen til The Guardian frå 2003. Her påpekte han det han meinte var faktafeil, blant anna at faren var fødd i 1928, ikkje 1925.[3]

  • Hausten 1979 vart eit 80-tals Norad-tilsette bistandsarbeidere med famile nekta vidare opphald i Uganda. Dei (vart loddrett kasta ut), fekk 24 timar på å pakka og avvikle. Dei vart førebels send ti Dar-es-Salaam, før retur til Noreg.


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Idi Amin» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2018.




  1. Endra fødselsdato


  2. Nabolanda Kenya og Tanzania har ein stempla han som fascist, sadist, mordar, og undertrykkjer».


  3. Klaga på nekrolog



Bakgrunnsstoff |



  • Biografi om Amin

  • Ein annan biografi om Amin




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva