Djibouti




[endre]

























































جمهورية جيبوتي


République de Djibouti
Jumhūriyyat Jībūtī
Jamhuuriyadda Jabuuti
(norsk: Djibouti, djiboutisk)














Det djiboutiske flagget

Det djiboutiske riksvåpenet

Flagg

Riksvåpen



Nasjonalsong
«Djibouti»
Motto
Har ikkje

Geografisk plassering av Djibouti

Offisielle språk

Arabisk og fransk

Hovudstad

Byen Djibouti

Styresett

President
Statsminister


Republikk
Ismail Omar Guelleh
Abdoulkader Kamil Mohamed

Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
23 200 km² (148.)
0 %

Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2002)
 – Tettleik
 
865 267 (159.)
4 298 269
37,3 /km² (143.)

Sjølvstende
Frå Frankrike

27. juni 1977

BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3 093 mill. USD (172.)
3 400 USD (154.)

Valuta

Djiboutiske franc

Tidssone

UTC +3

Telefonkode
+253

Toppnivådomene
.dj




Djibouti (arabisk, جيبوتي, Ǧībūtī) er ein republikk på austkysten av Afrika, med grenser til Eritrea, Etiopia og Somalia. Djibouti har ei strategisk viktig plassering ved munningen av Raudehavet med Yemen 20 km ifrå på andre sida.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Geografi


    • 2.1 Klima




  • 3 Folkesetnad


  • 4 Næringsliv


  • 5 Kjelder





Historie |


Fleire ulike stammar har halde til i området, men i dag er issaer og afarar dei viktigaste. Stammane har historisk handla mykje med arbarane og blei tidleg muslimar.


På 1800-talet gjorde Frankrike området til eit protektorat som dei kalla Fransk Somaliland. I 1967 blei namnet endra til Det franske territoriet til afarane og isaene, men i 1977 blei det sjølvstendig under namnet Djibouti.


Ein borgarkrig mellom styresmaktene og afarleiarar tidleg på 1990-talet blei avslutta med ein fredsavtale underskriven i 1994.




Kart over Djibouti



Geografi |


Store delar av Djibouti består av steinørken. Berggrunnen består av lava og vulkanske høgdedrag, som einskilde stader hevar seg over 1500 moh. Høgast når Moussa Ali Terara på grensa mot Etiopia og Eritrea med 2021 moh. (òg mælt til 2063 moh).


Forkastingar langs Raudehavet har skapt senkingar der Hanléslettene og saltsjøane Alol og Assal ligg. Assal ligg krubg 155 m lågare enn havoverflata. Kysten er djupt innskoren av Tadjourabukta.


Abbésjøen i vest, på grensa mellom Djibouti og Etiopia, er kjent for eit rikt fugleliv med flamingoar, pelikanar og ibisar.



Klima |


Djibouti har ørkenklima med ekstrem varme. Det lågtliggande kystområde er svært varmt året rundt, men har lågare temperaturar når sola står lågare på himmelen. Mykje av dei indre områda strekkjer seg over 500-600 m, og temperaturen og fukta er litt lågare enn ved kysten. Dei årlege nedbørsmengdene er under 500 mm, og mange stader berre kring 125 mm. Det regnet som kjem på kysten kjem vanlegvis i perioden november til mars, men i dei indre områda er det meir vanleg med regnbyger frå april til oktober.
Landet er periodevis råka av tørke, men stundom òg flaum.


Hovudstaden Djibouti har ein årleg middeltemperatur på 30 °C. Januar er den kaldaste månaden med 25 °C i middel, medan juli er den varmaste med 37 °C (døgnmaksimum 43 C°).



Folkesetnad |


To tredjedelar av innbyggjarane i landet bur i hovudstaden, som òg heiter Djibouti. Resten er stort sett nomadar som lever av husdyrhald.


Dei to største folkegruppene er dei somalitalande issaene, rundt 60 % av alle innbyggjarane, og afarane, på rundt 35%. Resten er europearar, for det meste franskmenn og italienarar, arabarar eller etioparar.



Næringsliv |


Djibouti er ein frihandelssone, og økonomien er forankra i tenester som heng saman med dette. Landet er både transitthamn for regionen og eit internasjonalt skipssenter der skip blir lasta om og tankar drivstoff.


Elles har Djibouti lite industri og få naturressursar, bortsett frå den strategiske plasseringa og ei kystline på 80 mil. Det tørre klimaet hindrar storstilt matproduksjon, og mykje må kjøpast inn utanfrå. Landet har noko eksport av skinn og kaffi.



Kjelder |


  • Djiboutis landformer. (2013, 12. januar). I Store norske leksikon. Henta 21. januar 2014 frå http://snl.no/Djiboutis_landformer.



























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva