Fredrik I av Danmark-Noreg
Fredrik I | |
| |
Konge av Danmark og Noreg | |
Regjeringstid | 1523-1533 |
---|---|
Fødd | 7. oktober 1471 |
Fødestad | Haderslev |
Død | 10. april 1533 (61 år) på Gottorp slott |
Dødsstad | Gottorp |
Gravlagd | Schleswig domkyrkje |
Føregangar | Kristian II av Danmark-Noreg |
Etterfølgjar | Kristian III av Danmark-Noreg |
Ektefellar | Anna av Brandenburg Sophie av Pommern |
Dynasti | Huset Oldenburg |
Motto | Mit håb er Gud alene |
Far | Kristian I av Noreg, Danmark og Sverige |
Mor | Dorothea av Brandenburg |
Born | Kristian III |
Fredrik I (7. oktober 1471–10. april 1533) var den nest eldste (og yngste) sonen til Kristian I av Noreg, Danmark og Sverige og Dorothea av Brandenburg og bror av Hans av Danmark, Noreg og Sverige. Fredrik var konge av Danmark og Noreg frå 1523 til 1533. Han voks opp i hertugdøma Schleswig og Holstein.[1]
Fredrik gifta seg fyrste gong med den 15 år gamle dottera til kurfyrsten av Brandenburg hertuginne Anna av Brandenburg den 10. april 1502.[1] Med Anna fekk han borna Kristian, den seinare Kristian III
og Dorothea av Oldenburg, som blei gift med Albrecht av Preussen. Anna døydde i 1514.
I oktober 1518 gifta han seg med Sophie av Pommern, dotter av Bogislav X av Pommern.[1] I ekteskapet med Sophie blei det fødd fem born; Hans (1521–1580), Elisabeth (1524–1586), Adolf (1526–1586), Dorothea (1528–1575) og Frederik (1529–56).
Referansar |
↑ 1,01,11,2 Frederik 1 frå Norsk biografisk leksikon
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fredrik I av Danmark-Noreg
Føregangar Kristian II | Konge av Danmark-Noreg | Etterfylgjar Kristian III |
|