Interdikt

Scale of justice, canon law.

Eit såkalt soningskors ved Mariakirken i Berlin, dette soningskorset var ein del av tilgivelsen etter interdiktet mot dobbeltbyene Berlin-Cölln ved mordet på presten Nikolaus von Bernau i 1324
Interdikt (av latin: interdictum, «forbod») eller kyrkjeforbod er ein religiøs avstraffelse med historiske røter innanfor den katolske kyrkja. Paven kan lysa interdikt over eit land eller eit område. Interdiktet inneber forbod mot alle kyrkjelege handlingar, som t.d. gudstenester, dåp og gravleggingar. Eit interdikt kan òg rettast mot einskildpersonar.
Avstraffelsen har sina røter i ekskommunikasjon eller «bannlysing», som vi kjenner døme på sidan 800-talet. Ordet interdikt vart teke i bruk av pave Innocens III, som gjorde utstrakt bruk av det.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på ««Interdikt (kristendommen)»)» frå Wikipedia på bokmål, den 8. november 2018.
Bakgrunnsstoff |
Interdikt i synonymordboka.no