Loran C-saka





Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Loran-C saka er om navigasjonssystemet Loran-C og om å gjera offentleg informasjon om systemet samt prosessen mot stortingsrepresentantane Berge Furre og Finn Gustavsen.


Navigasjonssystema LORAN-C og OMEGA vart etablert på norsk territorium på byrjinga av 1960-åra.[1]Anders Hellebust hadde skrive ei magisteravhandling om navigasjonssystema, der han påviste at dei i tillegg til å letta navigering for sivile fartøy, var til hjelp for amerikanske ubåtar som førde atomvåpen.[2] Han peikte òg på at systema var bygd opp av militære styresmakter, utan at stortinget eller regjeringa hadde fått oversyn over dette. SVs stortingsrepresentant Arent M. Henriksen leverte, på bakgrunn av opplysningar han hadde fått frå Hellebust og fredsforskaren Nils Petter Gleditsch, eit spørsmål til stortingets spørjetime i 1974 med ordlyden: «Når, og på kva for ein måte vedtok Stortinget bygging av Loran C-stasjonen i Bø i Vesterålen.» Stortingspresident Guttorm Hansen bad Henriksen trekkja spørsmålet med grunngjevinga «Det kan ikkje svarast på», men Henriksen nekta. Spørsmålet vart då avvist i den opne spørretimen, men så svart på under eit lukka møte seinare. SV meinte at etableringa av desse navigasjonssystema var i strid med norsk base- og atompolitikk, og at skipinga av desse anlegga ikkje var vedteken av Stortinget på ein konstitusjonelt forsvarleg måte.


Schei-komiteen, med høgsterettsdommar Andreas Schei (leiar), Håkon Johnsen og Magne Skodvin, vart nedsett 4. april 1975. Dei fekk i oppdrag av regjeringa å greia ut tilhøve rundt den konstitusjonelle framgangsmåten ved etableringa av navigasjonsysstema.[3] Rapporten vart hemmelegstempla då den kom, og handsaminga i Stortinget var i lukka møte. Eit samandrag av utgreiinga, med konklusjonen om at skipinga av systema kunne forsvarast konstitusjonelt, vart offentleggjort i 1975.[4] SV meinte at heile rapporten burde offentleggjerast, og at konklusjonen bygde på mangelfulle føresetnader. Saka vart handsama i lukka møte i stortinget 7. juni 1977. Ifølgje Yngvar Ustvedt erklærde Furre og Gustavsen allereie under den lukka handsaminga til stortinget at dei ikkje ville respektera hemmeligstemplingen, men fritt sitera frå heile rapporten. Rossavik skriv at Furre og Gustavsen «følte seg bunden av tagnadsløftet» men var under hardt press frå hovudstyret i SV der særleg Steinar Stjernø stod hardt på at dersom regjeringa ikkje sjølv offentleggjorde fakta skulle SV gjera dette.[5] Furre sa i 2010 til Rossavik at han såg det slik at han anten måtte seia seg villig til å leggja ut om Loran C eller trekkja seg som partileiar. Furre gjekk ut offentleg og sa at han ville bryta tagnadsplikta dersom ikkje Schei-rapporten vart offentleggjord, Guttorm Hansen karakteriserte Furres utspel som «sterkt politisk motivert og overdrive dramatisk framstelt».[6]Trygve Bratteli uttalte i VG han ikkje kunne tru «at verken Storting eller regjering i ein slik sak vil la seg røra av noka form for truslar frå Berge Furre eller nokon andre». Kravet om offentliggjøring fekk etterkvart støtte frå AUF og Høgres stortingsrepresentant Georg Apenes.


Ifølgje Rossavik likte ikkje Finn Gustavsen at Furre hadde lova å leka innhaldet, men valde likevel å følgja han.[7] Furre og Gustavsen røpa dei hemmelegstempla opplysningane frå rapporten i eit ope møte i Folkets Hus i Oslo den 22. august 1977. Samstundes vart heile Schei-innstillinga til komiteen offentligjort av Pax forlag.[8]




Innhaldsliste






  • 1 Røysting om riksrettstiltale mot to stortingsrepresentantar


  • 2 Kjelder


  • 3 Referansar


  • 4 Sjå òg





Røysting om riksrettstiltale mot to stortingsrepresentantar |


I 1977 vart det oppretta ein protokollkomité (i samsvar med Stortingets forretningsorden § 14a) for å vurdera om det skulle røysast riksrettstiltale mot dei tidlegare stortingsrepresentantane Berga Furre og Finn Gustavsen. Fleirtalet i komiteen (Per Karstensen, Petter Furberg, Odd Lien, Liv Stubberud og Per A. Utsi) fann likevel at andre tilhøve tilsa at det ikkje burde reisast tiltale, medan representantane i komiteen frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet (Jo Benkow, Astrid Gjertsen, Sverre L. Mo og Arnold Weiberg-Aurdal) meinte at det burde reisast tiltale. Odelstinget voterte over saka i eit møte 1. februar 1979. Forslaget om å henleggja saka vart vedteken med 47 mot 44 stemmar.[9]



Kjelder |



  • Furre, Berge (1997). Sant og visst: artiklar, foredrag og preiker. Oslo: Samlaget. Furre, Berge (1997). Sant og visst: artiklar, foredrag og preiker. Oslo: Samlaget. ISBN 8252149898.   

  • Gustavsen, Finn (1979). Gustavsen, Finn (1979). Kortene på bordet. Oslo: Gyldendal. ISBN 8257402982.  Oslo: Gyldendal.   

  • Rossavik, Frank (2011). Rossavik, Frank (2011). SV. Fra Kings Bay til Kongens bord. Spartacus. ISBN 978-82-430-0495-5.  Spartacus.   

  • Ustvedt, Yngvar (1928-2007) (1991). Ustvedt, Yngvar (1928-2007) (1991). Det skjedde i Norge. [Stabekk]: Den norske bokklubben. ISBN 8252520197.  [Stabekk]: Den norske bokklubben.   



Referansar |




  1. s.226


  2. s.37


  3. s. 284


  4. Sammendrag av innstilling fra utvalget til undersøkelse av sakene om etablering av Loran C og Omega-stasjoner i Norge (Granskningsutvalget Loran C - Omega). Oslo: Statsministeren. 1975. 


  5. s.227


  6. Nordlands Avis 1977.06.21. Norge;Nordland;;Hemnesberget;;;;. 1977-06-21. 


  7. s.233


  8. Loran C og Omega: innstilling. Oslo: Pax. 1977. ISBN 8253008821. 


  9. «Riksrett». 



  • Denne artikkelen bygger på «Loran C-saken» frå Wikipedia på bokmål, den 11. desember 2017.





Sjå òg |


https://www.nrk.no/finnmark/stortinget-godkjente-satellittsamarbeid-med-usa-_-uten-a-vite-om-det-1.14068473







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva