Sjiraff



























Sjiraff

Status i verda: LC Livskraftig


Namibie Etosha Girafe 04.jpg



Systematikk

Klasse:

Mammalia

Orden:

Artiodactyla
Familie:
Giraffidae
Slekt:
Giraffa

Vitskapleg namn
Giraffa camelopardalis

Linné, 1758





























Sjiraff
Namn på andre språk
Svensk Giraff
Dansk Giraf
Engelsk Giraffe
Fransk Girafe
Spansk Jirafa
Russisk Zjiraf (Жираф)

Sjiraffen (Giraffa camelopardalis) er eit afrikansk, partåa klauvdyr som tygg drøv. Det finst berre éin nolevande art, men ein reknar med 8–9 underartar. Sjiraffamilien består av sjiraffar og deira næraste slektning okapien.




Innhaldsliste






  • 1 Leveområde


  • 2 Utsjånad


  • 3 Levevis


  • 4 Om namnet


  • 5 Bakgrunnsstoff





Leveområde |




Område der sjiraffen lever


Sjiraffar finst berre i Afrika, men der er dei utbreidd over eit ganske stort område. Han lever på savannene sør for Sahara. Sjiraffen er ikkje rekna som truga, men nokre underartar er sjeldne



Utsjånad |


Sjiraffen er verdas høgaste landdyr. Hannan kan bli 4,8 til 5,5 meter høge og vega opptil 1930 kilo, medan hoene vanlegvis er mindre og lettare.


Til tross for at halsen er ekstra lang, har den sju virvlar, som hos andre pattedyr. Sjiraffane har lange, tynne bein som kan vera over to meter høge. Ryggen skrånar bakover. Skinnet er lyst med flekkar, og dei ulike rasane og underartane kan ha forskjellig mønster.


På grunn av høgda kunne sjiraffana ha fått problem med blodtrykket. Derfor har dei ein spesiell ventil i kroppen. Denne styrer blodtilførselen. På hovudet har dei to eller fire små, avrunda horn.


Sjiraffane har ei lang, tynn tunge med mørk farge. Dyra brukar ho til å ta blad av greiner.



Levevis |




Sjiraffar i Aalborg Zoo.


Sjølv om sjiraffar vanlegvis er stille, kan dei både laga gryntelydar og ein slags fløytelydar.


Sjiraffar kan springa fort. Dei er oppmerksame på farar, og kan varsla kvarandre ved hjelp av lydar. Dei kviler gjerne med hovudet mot bakken eller lent bakover mot ryggen, men kan raskt reisa seg opp viss dei vert forstyrra.


Dyra held saman i flokkar som i nokre tilfelle kan bestå av hundre eller fleire dyr. Langt mindre grupper er vanlegare.



Om namnet |


Artsnamnet camelopardalis stammar frå det tidlegare romerske namnet på dyret, der det vart skildra som ein mellomting mellom kamel og leopard. Namnet sjiraff er lånt frå arabisk zurafa som igjen truleg kjem frå eit lokalt språk.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sjiraff





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva