Kasus




Eit kasus er ein grammatisk kategori som viser kva funksjon dei nominale setningsledda har i setninga. I norsk har dei personlege pronomena kasus, skilnaden mellom eg og meg og du og deg i setningar som eg ser deg og du ser meg er ein kasusskilnad, eg og du er nominativsformer og meg og deg er akkusativformer.


Det finst i hovudsak to kasussystem, nominativ-akkusativ-system og ergative system.



Nominativ-akkusativ-system |


I desse systema har subjektet til transitive verb same kasus som subjektet til intransitive verb. Det er mange døme på nominativ-akkusativ-system, eitt kan vere indoeuropeiske språk.



Kasus i norske dialektar |



















































































































Tal:
Eintal Fleirtal

Bundenheit:
Ubunden form Bunden form Ubunden form Bunden form
Kasus:
N/A/D

N/A
D
N/A/D

N/A
D
Gudbrandsdalen einn båt 'båtn 'båté "båte "båtæinn "båtåm
Lærdal ein baot baotn baoti baota baotadn baoto
Selbu en båt 'båtn 'båtã "båta "båtainn "båtåm
Nordmøre εn båt 'båtn 'båta "båta "båtainn "båtå
Verdal εn båt 'båtn 'båta "båta "båtann "båtom
Setesdal ein båte båten båtæ båta båtan båtó

Ranværing (Forelda)
ein båt båtn batæ bata batan bato

Gutnisk (Sverige)
ain bat baten bate batar batar batä

Malung (Sverige)
en båt båtn båtâm båtar båtan båtôm

Kalixmål (Sverige)
ein bat batn bato bat batan bato

I mange norske dialektar finn ein òg kasusbøying av substantiv. I ubunden form er det ikkje kasusdistinksjon, men i bunden form er det ein skilnad mellom dativ (for indirekte objekt og etter visse preposisjonar, i prinsippet dei same som i tysk, og nominativ for alle andre grammatiske funksjonar, inkludert objekt. Som regel er det slik at i eintal dativ får hankjønnssubstantiv same suffiks som vi finn for eintal nominativ hos hokjønnssubstantiv, og omvendt, mens inkjekjøn får eit eige suffiks. I fleirtal får alle genera same suffiks, som regel -om i austnorske og -o i vestnorske dialektar. (Sjå tabellen til høgre.)


Særskilde dativformer av substantiv finst i dag hovudsakleg i midlandsmål, nordlege e-mål og trøndsk utanom Fosen, og dei fleste stadene er desse formene på sterkt vikande front mellom yngre språkbrukarar. Det norske dativområdet hang ilag med eit svensk område som går frå Dalarne opp til Jämtland, og eit isolera område i Norrbotten og Västerbotten.



Ergative system |



I desse systema har objektet til transitive verb same kasus som subjektet til intransitive verb. Det er mange døme på ergative system, eitt kan vere grønlandsk.



Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva