Sten Sture den yngre





















Sten Sture den yngre

Sten Sture the Younger.jpg

Fødd
1493
Død

5. februar 1520
Mälaren


Yrke
politikar

Sten Sture den yngre på Commons

Sten Sture den yngre, eigentleg Sten Svantesson Sture, (fødd 1493, død 3. februar 1520) var ein svensk riddar og riksforstandar 1512–1520.



Bakgrunn |


Han var son av Svana Nilsson (Sture) av ætten Natt och Dag og hans hustru Iliana Gädda. Sten Svantesson vart slått til riddar av kong Hans av Danmark ved dennes kroning i Stockholm i 1497, altså som barn.


Allereie i tenåra leidde Sten med framgang militære oppdrag i kampen til faren mot kong Hans.



Karriere |


Ved farens død i 1512 overtok han dennes slottslen og fekk allmuen på sin side. Med folk i ryggen utmanøvrerte han kandidaten til riksrådet i riksforstandervalget, Erik Arvidsson Trolle. Trolle vart faktisk formelt valt, men valet vart sett til side og Trolle fekk aldri nyte posisjonen, noko Sten derimot gjorde.


Han tok namnet Sture og kalla seg så Sten Sture (den yngre) og freista å etterstrebe den tidlegare politikken til Sturepartiet - ein allianse med allmuen, arbeidarar og byborgare mot aristokratiet.




«Sten Sture d.y:s död på Mälarens is 1520», måleri av Carl Gustaf Hellqvist frå 1880.


Etter at han fekk avsett leiaren til opposisjonen, erkebiskop Gustav Trolle (son av Erik Arvidsson Trolle), og tok initiativet til riksdagsbeslutningen om riving av Gustav Trolles borg, Stäket. For detta vart han og hans tilhengarar bannlyste av Paven, noko som igjen førde til hendinga Stockholms blodbad.


Den nye unionkongen Christian II freista både i 1517 og i 1518 å invadera Sverige, men vart stoppa i nærleiken av Stockholm i slaget vid Brännkyrka (1518). I januar 1520 kjem danskane tilbake til Sverige. Ledet av Otte Krumpen rei dei over grensa og inn i Vestergøtland der Sten Sture hadde stilt opp 10 000 mann ved den nordlege breidda av innsjøen Åsunden. Den 19. januar møttest hærane i slaget på Åsunden vid Bogesund. Det aller første skotet frå ein kanon traff og såra Sten Sture hardt, det eine kne vart knust. Då leiaren til svenskane gjekk overende, braut det ut forvirring og den svenske hæren flykta.


Sten Sture vart køyrt med slede til Strängnäs, men døydde den 3. februar på innsjøen Mälarens is under transporten tilbake til Stockholm.


I samanheng med Stockholms blodbad vart Sten Sturas lik grave opp og brunne med dei andre på Stortorget. Hans gravstein står endå på Katarina kyrkjegard på Södermalm.


Han vart gift den 16. november 1511 i Stockholm med Kristina Nilsdotter Gyllenstierna (1494–1559)







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva