Jostedalsbreen
| Jostedalsbreen | |
isbre | |
| Land | |
|---|---|
| Fylke | Sogn og Fjordane |
| Kommunar | Luster, Sogndal, Jølster, Stryn |
| Type | Platåbre |
| Areal | 487 km² |
| Lengd | 60 km |
| Tjukn | 600 m |
| Toppunkt | 1952 moh |
| Botnpunkt | 350 moh |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Wikimedia Commons: Jostedalsbreen | |
Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet og ligg i Sogn og Fjordane fylke. Isbreen dekkjer eit areal på 487 km² og ligg i kommunane Luster, Sogndal, Jølster og Stryn. Det høgaste fjellet nær breen er Lodalskåpa 2083 moh.
Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta i 1991 og dekkjer eit areal på 1310 km².
Jostedalsbreen er ein temperert bre, som vil seie at det renn vatn under han og at breen ligg på trykksmeltepunktet. På grunn av dette eroderer han på underlaget og kan flytte på seg.
Jostedalsbreen er den største fastlandsisen i Europa, med eit samla areal på over 480 km². Det høgaste punktet på breen er Høgste Breakulen på 1952 moh. Fleire brearmar går langt ned i dalane, m.a. Bøyabreen i Fjærland og Nigardsbreen, båe til om lag 300 moh. På det tjukkaste er breen om lag 600 meter tjukk. Jostedalsbreen strekkjer seg over eit stort platå i over 1600 moh. Jostedalsbreen har ei samanhengande lengd på vel 60 km og dekkjer nesten halvparten av nasjonalparken.
Jostedalsbreen, Lodalskåpa og Brenibba er dei høgaste nunataka på Jostedalsbreen.
Innhaldsliste
1 Brearmar og utløparar
2 Turisme og friluftsliv
3 Litteratur
4 Bakgrunnsstoff
Brearmar og utløparar |
Jostedalsbreen har mange brearmar. Frå nordaust og sørover er dei største:
Austdalsbreen i Jostedalen
Stigaholtbreen i Jostedalen
Lodalsbreen og Småttene i Jostedalen
Fåbergstølsbreen i Jostedalen
Nigardsbreen i Jostedalen
Tuftebreen i Krundalen i Jostedalen
Baklibreen i Krundalen i Jostedalen
Bergsetbreen i Krundalen i Jostedalen
Vetledalsbreen i Krundalen i Jostedalen
Tunsbergdalsbreen i Jostedalen
Austerdalsbreen med Torsbreen, Odinsbreen og Lokebreen ved Veitastrond
Langedalsbreen i Langedalen i Veitastrond
Bjørnakyrkjebreen i Langedalen i Veitastrond
Nystølsbreen i Langedalen i Veitastrond
Vetle Supphellebreen i Fjærland
Supphellebreen med Flatbreen i Fjærland
Bøyabreen i Fjærland
Vetlebreen i Fjærland
Marabreen i Jølster
Lundabreen i Jølster
Befringsbreen i Stardalen i Jølster- Breen ved Kaldakari i Stardalen i Jølster
Melkevollbreen i Olden
Tjøtabreen i Olden
Briksdalsbreen i Olden
Brenndalsbreen i Olden
Ruteflottbreen ved Loen
Kjenndalsbreen ved Loen
Krunebreen i Loen
Bødalsbreen i Loen
Bohrsbreen i Loen
Erdalsbreen i Stryn
Vetledalsbreen i Stryn
Syngeskardsbreen i Stryn
Turisme og friluftsliv |
Briksdalsbreen og Nigardsbreen er dei mest kjende delane av Jostedalsbreen og vert årleg vitja av mange tusen turistar. Det er bygd tre museum og senter rundt breen; i Jostedalen ligg Breheimsenteret, i Fjærland Norsk Bremuseum og i Stryn ligg Jostedalsbreen nasjonalparksenter.
Det er ei rekkje kjende breturar på Jostedalsbreen. Kryssinga frå Tungestølen opp Austerdalsbreen og Kvitesteinsvarden over breen ned til Kattenakken og Briksdal, er av dei mest klassiske breturane i Noreg. Turen vart først gått av William Cecil Slingsby og følgjet hans i 1894, og på same dag og utan å vite om kvarandre, av Kristian Bing og Daniel Sygnesand.
Josten på langs er ein moderne klassikar på ski, gjerne gjennomført i mai. Han startar gjerne i Erdalen i Stryn eller på Sota seter i Skjåk og følgjer breen til Flatbrehytta og Fjærland i sør. Turen tek om lag tre dagar.
Skiturane Loen rundt og Olden rundt er òg klassiske skiturar som tek om lag tre dagar.
Litteratur |
- L. Ryvarden og og B. Wold: Norges isbreer. Universitetsforlaget 1991.
Bakgrunnsstoff |
- Jostedalen
- Briksdalsbreen
- Direktoratet for naturforvaltning - nasjonalparker
- Jostedalsbreen nasjonalpark
|