Ladakh

Multi tool use

Kart over Jammu og Kashmir og tilstøytane område i Pakistan og Kina der Ladakh er markert i raudt.
Ladakh er ein region i den nordindiske delstaten Jammu og Kashmir. Ladakh ligg søraust i delstaten, med grense til Jammu i vest, Kashmir i nord og Kina i aust. Området ligg mellom fjellkjedane Kunlun og Himalaya, og er gjennomskore av elva Indus frå søraust til nordvest. Ladakh var tidlegare eit sjølvstendig kongedøme med Leh, som i dag er den største byen, som hovudstad.
Ladakh har ein flatevidd på 86 904 km² stort og hadde 270 126 innbyggjarar ved folketeljinga i 2001. Innbyggjarane i Ladakh er hovudsakleg av tibetansk og indoeuropeisk opphav. Det største språket er ladakhi, ein variant av tibetansk, og den største religionen er tibetansk buddhisme. Det finst elles store grupper sjiamuslimar og mindre grupper sunnimuslimar og kristne.

Arkade og ung kvinne i eit buddhistisk kloster i Ladakh.
Foto: John Hill
Namnet «Ladakh» (uttalt [lad̪ɑks] på ladakhi, skrive ལ་དྭགས་ med tibetansk skrift og [ləd̪ˈd̪aːx] på hindustani, skrive लद्दाख़ på hindi og لدّاخ på urdu) tyder 'land med høge pass'.
Historisk har Ladakh omfatta dalane i Baltistan, delar av Indusdalen, Zangskar, Lahaul og Spiti i sør, Aksai Chin og Ngari i aust og Nubradalane i nord.
Sidan Ladakh blei opna for utlendingar i 19674 har det blitt eit viktig turistmål. Området er kjend for sitt naturskjøne fjellandskap og den lokale buddhistiske kulturen. Mange kloster og tempel er gode døme på tibetansk arkitektur og inneheld ulike kunstverk.
Bakgrunnsstoff |
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Ladakh» frå Wikipedia på bokmål, og «Ladakh» frå Wikipedia på engelsk den 24. april 2012.
«Ladakh» i Store norske leksikon, snl.no.
VPwlhA
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...