Slemmestad
Slemmestad sett frå Bøsnipa. Oslo ligg i det fjerne aust for Oslofjorden. Nesodden kjem inn frå høgre. (Foto: Kjetil Lenes) Slemmestad er ein stad i Røyken kommune i Buskerud fylke. Han ligg ved Oslofjorden, ved grensa mot Asker kommune i Akershus. I tillegg til noko småindustri er plassen prega av arbeidspendling mot Drammen og Oslo. Tettstaden Slemmestad oppstod rundt sementfabrikken, som var i drift frå 1888 til 1989. Han var lenge ein einsidig industristad. Saman med Bødalen utgjer Slemmestad no den sørvestlegaste delen av tettstaden Oslo. Slemmestad har kraftig tilflytting, og ferjesamband med Oslo sentrum, buss til Drammen og Oslo. Innhaldsliste 1 Historie 1.1 Sementfabrikken 1.1.1 Sementfabrikken og lokalsamfunnet 1.1.2 Arbeidarrørsla 1.2 Eternit og asbestose 1.3 Moderne tid 2 Geologi 3 Bakgrunnsstoff 4 Kjelder Historie | Slemmestad ligg på Oslofjordsida av Hurumlandet, lengst i nord mot fylkes-/kommunegrensa mo...