Pram






Pram i Nidelva. (Skeis)


Pram eller eike er ein båt som er mellom 7 og 12 fot lang og har eit eller to par årar og tollegang. Båten er plattgatta, det vil seia at han har spegel i båe endar. Akterspeglet er størst, forspeglet er liten, halvmåneforma og oftast ca 30 cm i diameter. Båten er bygd opp av bord som er klinka saman med båtsaum og borda er festa til spant og spegl. Typisk for prammar er at dei har eit botnbord og manglar kjøl og botnen er like rund som speglane. Prammar er breiast og djupast litt attom midten, mens nokre er breiast og djupast litt framom.




Innhaldsliste






  • 1 Ordsoge


  • 2 Frå stokkebåt til pram


  • 3 Den norske prammen


  • 4 Dei ulike typane


    • 4.1 Norske prammar


    • 4.2 Danske prammar


    • 4.3 Svenske prammar


    • 4.4 Nederlansk pram




  • 5 Kjelder





Ordsoge |


Ordet pram på gamalnorsk prámr, truleg eit gamalt lånord frå gamalslavisk pramu , som tyder båt. Det er truleg avleia av indogermansk pormo til indogermansk per, som tyder «å setja over». På Vestlandet og i Agderfylka tyder ordet opphavleg ei ferje om forskjellige typar av flatbotna båtar, pråm eller pram.



Frå stokkebåt til pram |


Det vert hevda at prammar er ei vidareutvikling frå stokkebåten som var ein uthola trestokk. På ein del av dei stokkebåtane som er funne og undersøkt, er det ei rad med små hol langs øvre del på kvar side. Det tyder på at det har vore festa ein bordgang oppå kvar av sidene slik at stokkebåten vart ein betre båt og meir tilspissa i framenden. Det vart starten på ei utvikling frå den trauste stokkbåten til ein plattgatta båt utan kjøl. Den opphavlege stokkebåten vart utvikla til å bli ein båt med eit botnbord som og vart kjøl. I framenden var det festa ei treplate som vart mindre og mindre med tida.



Den norske prammen |


Som robåt er den lett å ro og er fin å sno seg fram i vanskeleg og grunne farvatn og vart ofte brukt til skipsbåt.



  • I Østfold vert ordet eike nytta om pram. Dette fordi det har binding attover til stokkebåten som var ein uthola eikestokk.

  • Holmsbuprammen frå Buskerud er den mest avanserte, meir langstrakt og har eit vakkert spring.

  • Rundt Trondheimsfjorden vert òg pram kalla skjeis.

  • På Hitra vert òg namnet kjoks nytta.

  • På Sørlandet er prammen til fiskaren Markus i fylgja forfattaren Gabriel Scott heilt flatbotna, med loddrett fribord og plass til to mål ved og ein roar.

  • Normal storleik på prammar i Skagerrak-området er 12-15 fot, men det finst døme på 20 fot.



Dei ulike typane |



Norske prammar |



  • Holmsbuprammen

  • Arendalsprammen

  • Braatø-prammen

  • Heddalsvattenprammen

  • Kragerøprammen

  • Lågendalspramamen

  • Kjølhalingsprammen

  • Eike

  • Va-eka

  • Fergeeka


  • Kokse (kjoks)

  • Trau (båt)

  • Flatbotning

  • Rundbotning

  • Tunejolla

  • Åfløy



Danske prammar |



  • Kåg

  • Hjertingpram

  • Orøpram

  • Fladbåd

  • Gudenåkåg



Svenske prammar |



  • Flateka

  • Innsjǿeka



Nederlansk pram |


  • Vlet


Kjelder |



  • Molaug Svein: Vår gamle kystkultur (Bind 1), Dreiers Forlag A/S, 1985

  • Nielsen Christian: Danska bådtyper, Skib Forlag, 2005 ISBN 87-90374-30-4

  • Hole Arne R. : Båter og kystfolk, Aschehoug, 2007 ISBN 978-82-03-23405-7

  • Brøgger A. W. og Shetelig Haakon: Vikingeskipene, deres forgjengere og etterfølgere, Dreyer, Oslo 1950

  • Gøthesen Gøthe: Skagerrakkysten, Norske Båter, Bind 1, Grøndahl, 1977 ISBN 82-504-0239-1

  • Christensen Arne Emil: Gamle norske trebåter. Bevaring og vedlikehold, Grøndahl Dreyer, 1992 ISBN 82-504-1947-2




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva