Sula i Solund
Sula | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Sogn |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 116 km²
|
Høgaste punkt | Karkhellenipa (569 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Sogn og Fjordane
|
Sula, òg kalla Indre Solund eller Indre Solundøy, er hovudøy i Solund kommune i Sogn og Fjordane. Øya ligg på nordsida av Sognesjøen, den ytste delen av Sognefjorden, og har eit areal på 116 km². Sørvest på øya, ved Liasundet, ligg den tettbygde staden Hardbakke, der kommuneadministrasjonen i Solund held til.
Fleire smale fjordar skjer seg innover øya og deler ho nesten i fleire bitar. På sørsida ligg Nessefjorden og på nordsida Hagefjorden og Dumbefjorden. I vest ligg øya Steinsundøy og vest for denne igjen Ytre Sula. I aust ligg Losna og Skorpa.
Denne Sogn og Fjordane-artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|