Songen The Times They Are a-Changin'










































«The Times They Are a-Changin'»
Singel av Bob Dylan
frå albumet The Times They Are a-Changin'


Utgjeve
1964

Innspelt
24. oktober 1963 i Columbia Studios i New York City

Sjanger

Folk

Lengd
3:15

Selskap

Columbia

Låtskrivar(ar)

Bob Dylan

Produsent

Tom Wilson

Bob Dylan-kronologi
«Blowin' in the Wind»
(1963)

«The Times They Are a-Changin'»
«Maggie's Farm» (1965)




«The Times They Are a-Changin» er ein song skriven av Bob Dylan og gjeve ut på albumet hans med same namn i 1964.


Songen vart rangert på 59. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.




Innhaldsliste






  • 1 Inspirasjon og komposisjon


  • 2 Andre utgåver


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Inspirasjon og komposisjon |






If your time to you

Is worth savin'

Then you better start swimmin'

Or you'll sink like a stone

For the times they are a-changin'.



Bob Dylan




Dylan skreiv truleg songen i september og oktober 1963. Han spelte han som ein Witmark-demo denne månaden, ei utgåve som seinare vart gjeven ut på The Bootleg Series Volumes 1–3 (Rare & Unreleased) 1961–1991. Songen vart så spelt inn i Columbia studios in New York den 23. og 24. oktober ,[1] og innspelinga frå den siste dagen vart namesporet på det tredje albumet til Dylan.[2]


Dylan har nemnt at han gjorde eit medvite forsøk på å skrive ein hymne for endring. I 1985 fortalte han Cameron Crowe: «Dette var definitivt ein song med ei meining. Han var påverka av irske og skotske balladar ...'Come All Ye Bold Highway Men', 'Come All Ye Tender Hearted Maidens'. Eg ønskte å skrive ein stor song, med korte konsise vers som vart lagt oppå kvarandre på ein hypnotisk måte. Borgarrettsrørsla og visesongrørsla var ganske nær kvarandre ei stund og allierte seg på denne tida.»[3]


Dylan-biografen Clinton Heylin fortel korleis Tony Glover vitja Dylan i heimen hans i september 1963 og las ei linje av songen Dylan arbeidde med: «'Come senators, congressmen, please heed the call.' Glover snudde seg mot Dylan og sa, 'Kva er denne skiten, mann?' Dylan heva skuldrene og svarte, 'Vel, du veit, det ser ut til at det er det folk ønskjer å høyre.'»[4]


Dylan-kritikar Michael Gray kalla songen «ein erketypisk protestsong». Gray meiner at songen er utdatert av endringane songen sjølv føresåg og at songen derfor vart politisk utdatert så snart han var skriven.[2]


Mindre enn ein månad etter Dylan spelte inn songen vart president John F. Kennedy myrda i Dallas i Texas, den 22. november 1963. Kvelden etter opna Dylan ein konsert med «The Times They Are a-Changin'». Han fortalte biografen Anthony Scaduto: «Eg tenkte, 'Wow, korleis kan eg opne med den songen? Dei kjem til å kaste stein på meg.' Men eg måtte synge han, heile konserten min tok av frå der. Eg veit at eg ikkje forstod noko ting. Noko hadde berre gått gale i landet og dei gav applaus til songen. Og eg kunne ikkje forstå kvifor dei klappa, eller kvifor eg skreiv den songen. Eg forstod ingenting. For meg var det berre galskap.»[5]



Andre utgåver |


Songen har vorte spelt av mange andre artistar, mest kjend er mellom andre Joan Baez, The Seekers, The Byrds, Marc Bolan, Peter Paul & Mary, Phil Collins, Simon and Garfunkel, Bruce Springsteen og Nina Simone, Blackmore's Night og Les Fradkin.


The Byrds spelte songen i 1965 på albumet deira Turn! Turn! Turn!.[6]


The Beach Boys spelte songen i 1965 på albumet Beach Boys' Party!.


Odetta spelte songen i 1965 på albumet Odetta Sings Dylan, RCA LSP3324.


Keb' Mo' spelte songen i 2004 på albumet Peace...Back by Popular Demand.


Bruce Springsteen spelte songen på ein konsert til ære for The Kennedy Center.[7]


Burl Ives spelte songen i 1968 på albumet The Times They Are A-Changin', kalla opp etter Dylan-songen.


Billy Joel spelte songen på fleire konsertar og finst på konsertopptak.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «The Times They Are a-Changin' (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


    • Bjorner, Olof (2002). Olof's Files: A Bob Dylan Performance Guide (Bob Dylan all alone on a shelf). Hardinge Simpole. ISBN 1843820242. 


    • Gill, Andy (1999). Classic Bob Dylan: My Back Pages. Carlton. ISBN 1-85868-599-0. 


    • Gray, Michael (2006). The Bob Dylan Encyclopedia. Continuum International. ISBN 0-8264-6933-7. 


    • Heylin, Clinton (2003). Bob Dylan: Behind the Shades Revisited. Perennial Currents. ISBN 0-06-052569-X. 


    • Ricks, Christopher (2003). Dylan's Visions of Sin. Penguin/Viking. ISBN 0-670-80133-X. 






  1. Bjorner, Olof (8. oktober 2004). «The Times They Are A-Changin' sessions». Bjorner.com. Henta 18. oktober 2009. 


  2. 2,02,1 Gray, 2006, The Bob Dylan Encyclopedia, s. 662.


  3. Biograph, 1985, Tekst i heftet av Cameron Crowe.


  4. Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 126.


  5. Scaduto, 1971, Bob Dylan, s. 160.


  6. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. ISBN 0-95295-401-X. 


  7. Bob Dylan Honored at Kennedy Center, MTV.com






Bakgrunnsstoff |


  • Teksten







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva