Magnetitt
Magnetitt | |
Magnetitt og pyritt frå Piemonte i Italia | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Oksydmineral Spinellgruppa Spinel structural group |
Kjemisk formel | jern(II,III) oksyd, Fe2+Fe3+2O4 |
Strunz-klassifisering | 04.BB.05 |
Krystallsymmetri | Isometrisk 4/m 3 2/m |
Einingscelle | a = 8,397 Å; Z=8 |
Identifikasjon | |
Farge | Svart, grå med brunaktig tone i reflektert sollys |
Krystallform | Åttesidig, fine korna til massiv |
Krystallsystem | Isometrisk heksotahedral |
Tvilling | på {Ill} som både tvilling og komposisjonsplan, spinell-lova som kontakttvillingar |
Kløyv | Utydeleg, deling på {Ill}, særs god |
Brot | Ujamn |
Fastleik | Sprø |
Mohs hardleiksskala | 5,5–6,5 |
Glans | Metallisk |
Strekfarge | Svart[1] |
Transparens | Ugjennomsiktig |
Spesifikk vekt | 5,17–5,18 |
Oppløyselegheit | Løyser seg sakte opp i saltsyre |
Kjelder | [2][3][4][5][6] |
Magnetitt eller magnetjernstein er eit mineral som består av jernoksid, Fe3O4, med 72 % jarn. Det er svart og metallisk, tungt og sterkt magnetisk. Det krystalliserer kubisk med spinell-struktur. Finst utbreitt i små mengder (aksessorisk) i ei rekkje bergartar og er til dels anrika i sandavleiringar. I større førekomstar utgjer det ein svært viktig jernmalm. Kirunamalmane er magnetittmalmar som er danna magmatisk.
Av norske jernmalmførekomstar har Sør-Varanger og Fosdalen magnetittmalmar, medan Rana og Søftestad har ei blanding av magnetitt og hematitt. Magnetitt finst òg på skarnførekomstar ved Arendal og i Oslofeltet.
Kjelder |
- Magnetitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/magnetitt.
↑ Identifying Magnetite by Streak
↑ Handbook of Mineralogi
↑ Mindat.org Mindat.org
↑ Webmineral data
↑ Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis (1985). Manual of Mineralogy (20. utg.). Wiley. ISBN 0-471-80580-7.
↑ Torgeir T. Garmo 1989, Norsk steinbok norske mineral og bergartar 2. utgåva, sid 64, Universitetsforlaget, ISBN 82-00-18125-1
Bakgrunnsstoff |
- Mineralgalleri