Roman




Ein roman er ei lengre, oppdikta prosaforteljing som gjerne blir utgjeven som eiga bok. Som regel skildrar ein roman livet og skjebnen til eitt eller fleire menneske. Forfattaren kan velja å leggja vekt på ytre hendingar og miljøskildringar, eller konsentrera seg om karakterutviklinga til personane.


Romanen er skjønnlitteratur, og skal difor framfor alt oppfattast som fiksjon, sjølv om det kan vere vist til historiske hendingar og personar i forteljinga. Romanen skil seg såleis frå sakprosa ved ikkje å framstå som ei framstilling av sanne hendingar og vitskaplege haldbare konklusjonar.


Romanen skil seg dessutan seg frå annan skjønnlitteratur ved å vere ei løpande prosaforteljing som ikkje er delt inn i verseliner, slik epos og lyrikk og poesi er, og at forteljinga er monaleg lengre enn slike prosaforteljingar som vert kalla noveller, eventyr, segn, fabel og liknande.



Historie |


Ordet kjem frå romanz, som i mellomalderenn var nemniga på det talespråket som hadde utvikla seg på fransk område frå «romarspråket», latin. Etter kvart gjekk ordet over til å visa til ein særskild sjanger av forteljingar skrivne på folkespråket, men med antikke romerske førebilete. Den høviske romanen kom på moten i Frankrike på 1100-talet. Ein reknar likevel den første eigentlege romanen i europeisk litteratur til å vera det spanske verket Don Quijote av Miguel de Cervantes.


I løpet av 1800-talet utvikla romanen seg til å bli den mest populære litterære sjangeren, og frå slutten av 1800-talet og framover har ei rekke forfattarar ført romansjangeren inn på nye vegar, slik at han har fortsett å vera en hovudsjanger også under modernismen: Fjodor Dostojevskij, Knut Hamsun, Marcel Proust, Franz Kafka, James Joyce, Virginia Woolf, Robert Musil.



Bakgrunnsstoff |



  • Om roman i Bibliotekarstudentens nettleksikon om litteratur og medier

  • snl.no: Roman





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva