Muhammad V av Kelantan
Muhammad V | |
| |
Yang di-Pertuan Agong Sultan av Kelantan | |
Fullt namn | Tengku Muhammad Faris Petra ibni Tengku Ismail Petra |
---|---|
Religion | Sunni Islam |
Fødd | 6. oktober 1969 |
Fødestad | Kota Bharu |
Mor | Tengku Anis Binti Tengku Abdul Hamid |
Far | Sultan Ismail Petra Ibni Almarhum Sultan Yahya Petra |
Ektefelle | Tengku Zubaidah binti Tengku Nuruddin (skild)[1] |
Hus | Huset Long Senik |
Far | Sultan Ismail Petra Ibni Almarhum Sultan Yahya Petra |
Mor | Tengku Anis Binti Tengku Abdul Hamid |
Føregangar | Abdul Halim |
Sultan Muhammad V (fødd 6. oktober 1969) er konge av Malaysia med tittelen Yang di-Pertuan Agong. Han blei utropt til sultan av Kelantan den 13. september 2010 etter at faren, Sultan Ismail Petra, blei rekna som ute av stand til å styra grunna sjukdom. 13. desember 2016 blei Muhammad V utropt til Yang di-Pertuan Agong, eller statsoverhovud for heile Malaysia.
Bakgrunn |
Muhammad V blei fødd som Tengku Muhammad Faris Petra ibni Tengku Ismail Petra i Istana Batu i Kota Bharu i Kelantan. Han blei utnemnd til kronprins (Tengku Mahkota) av Kelantan den 30. mars 1979 og formelt innsett ved Balairong Sri i Istana Balai Besar i Kota Bharu den 6. oktober 1985. Han var elev ved Alice Smith School i Kuala Lumpur og deretter Oakham School i Rutland i England frå 1983 til 1989. Seinare studerte han diplomati og islam ved St Cross College i Oxford og ved Oxford Centre for Islamic Studies,[1] og gjekk ut i 1991.[2] Han har også studert ved Huron University College i London i Ontario i Canada, Deutsche Stiftung für Internationale Entwicklung (DSE) i Berlin og European Business School i London.
Han var ei tid gift med Y.A.M Tengku Zubaidah binti Tengku Noorudin nee Kangsadal Pipitpakdee frå Pattani-kongefamilien. Etter at paret skilde seg har han ikkje gifta seg opp att.[1]
Kjelder |
↑ 1,01,11,2 «King of people’s hearts - Nation». The Star Online. Henta 13. mars 2018.
↑ «Sultan Muhammad V, the people's ruler». Mysinchew.
- Denne artikkelen bygger på «Muhammad V of Kelantan» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2018.
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Muhammad V av Kelantan