Europaveg 8
E8
Europaveg 8 (E8) er ein europaveg som går frå Tromsø til Åbo (finsk Turku) i Finland. Mellom Nordkjosbotn og Skibotn delar han trasé med europaveg 6. I Finland følgjer han i hovudsak grensa til Sverige ned til Bottenvika. Vegen har ei lengd i Noreg (utanom felles trasé med E6) på 117,9 km.
Trasé fastlagt av UNECE: Tromsø - Nordkjosbotn - Skibotn - Kilpisjärvi - Torneå - Uleåborg - Vasa - Åbo.
Innhaldsliste
1 Historikk
2 Knutepunkt
3 Kjelder
4 sjå òg
5 Bakgrunnsstoff
Historikk |
Namnet E78 vart innført 1. juni 1965 for strekninga Tromsø - Kilpisjärvi - Torneå. UNECE avgjorde i 1983 å reformere systemet. E78 skulle få nummeret E08 og E6 skulle få nummeret E47. Det tok nokre år med forhandlingar om E6 og først 1992 vart det nye systemet innført i Noreg der E8 gjekk (Tromsø - Kilpisjärvi - Torneå). E8 vart forlenga frå Torneå til Åbo i 2002. Før 1985 gjekk E8 frå London via Hoek van Holland - Hannover - Berlin til Brest i Kviterussland.
Knutepunkt |
- For meir om dette emnet, sjå europaveg 8 i Noreg og europaveg 8 i Finland.
Tromsøysundet, Tromsø. E8 passerer under brua i forgrunnen.
Nordkjosbotn frå aust under Nordkjosmessa 2007..
Grensestein på grensa mellom Noreg og Finland
Riksveg 21 ved Kilpisjärvi
| Trasé | Stad | Knutepunkt | Merknad | ||
| Tromsø | |||||
| Tromsøysundtunnelen | 3500 m, 102 muh. | ||||
| Nordkjosbotn | E6 | felles trasé til Skibotn | |||
| Skibotn | E6 | ||||
| Kilpisjärvi | |||||
| Trasé | Stad | Knutepunkt | Merknad | ||
| Kilpisjärvi | |||||
| Leutsuvaarat | |||||
| Kaaresuvanto | → E45 Karesuando, Sverige | ||||
| 29 | Torneå | E4 29 | |||
Torneå-Salminpää | |||||
| Keminmaa | E75 4 | felles trasé til Haaransilta | |||
Haukipudas-Kello | |||||
| Uleåborg | |||||
Limingo-Haaransilta | E75 4 | ||||
| Vasa | E12 3 | felles trasé til Marasbacken | |||
| Marasbacken | E12 3 | ||||
| Reso | |||||
Åbo-Oxbacka | E63 | ||||
Åbo-Hamn | E18 | ||||
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Europavei 8» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mai 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- FENNIA Kartverk över Finland, Lantmäteristyrelsen og Weilin+Göös 1979. ISBN 951-35-1955-4
- GT SUOMI - FINLAND Vägatlas, Genimap Oy, Vantaa Finland 2005. ISBN 951-593-944-5
- Suomi - Finland Stadsatlas, Genimap Oy, Vantaa 2003. ISBN 951-593-874-0
- Grunnkart (Kartplatsen, Lantmäteriverket)
Svenska ortnamn i Finland
sjå òg |
- Europaveg 8 i Noreg
- Europaveg 8 i Finland
Bakgrunnsstoff |
European Agreement on Main International Traffic Arteries (AGR) 14 mars 2008 (PDF, offisiell E-vegliste byrjar på s. 14)- UNECE sitt oversiktskart over alle europavegane
Europavegar | ||
|---|---|---|
| Klasse-A-vegar |
| |
| Klasse-B-vegar | ||