Thorshavn-ekspedisjonane




Thorshavn-ekspedisjonane var fem norske antarktisekspedisjonar som vart gjennomført i perioden 1931–1937. Ekspedisjonane vart sendt for å utforske kvalførekomstar i Sørishavet og kartlegge kysten av det antarktiske kontinentet, hovudsakleg frå fly. Ekspedisjonane nytta motortankaren «Thorshavn», som òg har gjeve namn til ekspedisjonane og var finansiert av kvalfangstpioneren Lars Christensen. Thorshavn-ekspedisjonane var ei vidareføring av Norvegia-ekspedisjonane (1927–1931), òg dei finansiert av Christensen.


Alle ekspedisjonane var leia av Lars Christensen sjølv med Klarius Mikkelsen som kaptein.




Innhaldsliste






  • 1 Den første Thorshavn-ekspedisjonen (1930/1931)


  • 2 Den andre Thorshavn-ekspedisjonen (1932/33)


  • 3 Den tredje Thorshavn-ekspedisjonen (1933/34)


  • 4 Thorshavn-ekspedisjonen 1934/35


  • 5 Den fjerde Thorshavn-ekspedisjonen (1936/37)


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Den første Thorshavn-ekspedisjonen (1930/1931) |


Dei oppdaga mellom anna Cape Darnley. Klarius Mikkelsen gjekk med HVB «Torlyn» i land i sørenden av MacKenzie Bay og namngav området Lars Christensen Land. Dette heiter i dag Lars Christensen Coast.



Den andre Thorshavn-ekspedisjonen (1932/33) |


Ei tremannsgruppe med Hjalmar Riiser-Larsen skulle prøve å køyre med hundesledar langs iskanten frå Enderby Land til Weddellhavet.



Den tredje Thorshavn-ekspedisjonen (1933/34) |


Under denne ekspedisjonen segla dei rundt det antarktiske kontinentet og det vart gjort flygingar over Lars Christensen Coast og Mac. Robertson Land. Prinsesse Astrid Kyst vart under flyturane oppdaga frå lufta.



Thorshavn-ekspedisjonen 1934/35 |


Under denne ekspedisjonen vart Ingrid Christensen Coast oppdaga og eit lag gjekk i land på Vestfold Hills den 20. februar 1935.[1][2]



Den fjerde Thorshavn-ekspedisjonen (1936/37) |


Under den siste av desse ekspedisjonane vart kysten fotografert frå Vestbarrieren til Proclamation Island. Prins Harald Kyst vart oppdaga og fotografert frå fly. 4. februar 1937 gjorde Noreg krav på dette området.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Thorshavn-ekspedisjonene» frå Wikipedia på bokmål, den 23. oktober 2012.

    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:





  1. Composite Gazetteer of Antarctica Den vitskaplege komiteen for antarktisforsking (SCAR). Katalognr. 15439



  2. Headland, nr. 2172







Bakgrunnsstoff |




  • Thorshavn III Norsk Polarhistorie


  • Thorshavn IV Norsk Polarhistorie




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva