Ytre Nordmøre prosti




Ytre Nordmøre prosti er eit tenestedistrikt i Møre bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten har sete i Kristiansund kor Kirkelandet kyrkje er prostikyrkje.


Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.


Prestetenesta lokalt vart tidlegare organisert i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde prostiet desse prestegjelda:



Prestegjeld og sokn i Ytre Nordmøre prosti |


  • Kristiansund prestegjeld med

    • Kristiansund sokn


  • Nordlandet prestegjeld med

    • Nordlandet sokn


  • Eide prestegjeld med

    • Eide sokn


  • Kvernes prestegjeld med


    • Kvernes sokn


    • Bremsnes sokn


    • Kornstad sokn



  • Frei prestegjeld med

    • Frei sokn


  • Halsa prestegjeld med


    • Halsa sokn


    • Valsøyfjord sokn



  • Aure prestegjeld med

    • Aure sokn


    • Stemshaug sokn


    • Tustna sokn



  • Edøy prestegjeld med


    • Edøy sokn


    • Hopen sokn


    • Brattvær sokn




Sjå òg: |



  • Kyrkjer i Noreg etter prosti

  • Kyrkjer i Noreg etter kommune



Bakgrunnsstoff |


  • Nettsida til Den norske kyrkja







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva