Vin
Vin er ein alkoholhaldig drikk framstilt ved gjæring av frukt eller bær og eventuelt søtemiddel (som til dømes sukker), gjærkultur og andre ingrediensar. Denne prosessen vert kalla vinifikasjon. Den klassiske vinen er laga av druer, og er oftast raud eller kvit, avhengig av ingrediensar og framstillingsmåte. Det vert òg laga rosévin, som kan vera frå klårt raud til svakt rosa i fargen. Vin kan dessutan lagast av ei rekkje andre frukter eller bær.
Det som skil musserande vin frå ikkje-musserande vin, er at han inneheld koldioksid som lager sprudlande bobler. Skilnaden mellom sterkvin og aromatisert vin ligg i alkoholinnhaldet og aromaframstillingar. Vin vert delt inn i tre kategoriar: tørr, halvtørr eller søt. Hovudsakleg inneheld vin mellom 8,5 og 14 volumprosent alkohol, men strengt teke finst det vin med alt mellom 5,5 volumprosent og 22 volvolumprosent alkohol. Dersom vinen inneheld mellom 15 og 22 volumprosent alkohol vert han kalla sterkvin. Allereie kring 6000 fvt. vart druer dyrka for å laga vin.
Det er i fylgje norsk lov 18 års aldersgrense for å kjøpe og drikke vin med alkoholinnhald på mellom 2,5 og 21 %. Vin blir seld på Vinmonopolet.
Vinstokker (vindrueplanter)
Vinstokker
Terrasserte vinmarker i Lavaux i Sveits
Vindruer i ferd med å modnast
Vindruer har gjerne tjukt skal, og er som oftast ikkje gode å ete
Italiensk druepresse til å laga vin
Vinkjellar der vinen vert lagra på fat (tønner av eik) for modning, for somme kvalitetsvinar i fleire år
Vinkjellar med vin lagra i flasker
Kopp nytta av vinsmakarar, teikning frå 1904
Faire chabrot er ein tradisjon i Sør-Frankrike som går ut på å drikke vinen ved å hella han i suppa
Bakgrunnsstoff |
Frenchscout, vinguide
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vin
Alkoholhaldig drykk | |
---|---|
Alkohol | Etanol • Historie • Helse • Alkoholreklame • Drikkekultur • Drukkenskap • Fyllekjøring • Bakrus |
Produksjon | Brygging • Heimebrygging • Vinlaging • Spritdestillering • Heimebrenning |
Gjæra drykk | Øl (ale, mais, rug, kveite) — Vin (frukt, plomme, pressrestar) — Sterkvin (portvin, sake, sherry) Sider (Eplevin) — Andre: Basi • Choujiu • Huangjiu • Kumys • Makkeolli • Mjød • Pæresider • Pulque • Sahti • Sake • Sonti • Tuak • Gouqi jiu |
Brennevin | Agave: Tequila • Mezcal — Anis: Absint • Arak • Ouzo • Raki • Pastis • Sambuca — Bygg: Skotsk whisky • Irsk whiskey — Durra: Baijiu (Kaoliang) — Egg: Advocaat — Eple: Applejack • Calvados — Frukt: Brandy • Konjakk • Gin • Kirschwasser • Pisco • Rakia • Snaps • Pálinka — Honning: Bärenfang • Krupnik — Kokosnøtt: Arrak — Mais: Bourbonwhiskey • Cornwhiskey • Tennesseewhiskey — Mandel: Amaretto — Plomme: Slivovits • Ţuică — Potet: Vodka • Akevitt • Brennivín — Pressrestar: Grappa • Orujo • Zivania • Tsikoudia • Tsipouro • Rakia — Ris: Ris-baijiu • Soju — Rug: Ryewhiskey — Sukkerør/Melasse: Rom • Cachaça • Aguardiente • Falernum • Guaro — Andre: Shōchū • Kanadisk whisky • Jenever |
Blanda drykk | Rusbrus • Øl-cocktail • Cocktail• Flammande cocktail • Shot • Vin-cocktail • Alkoholfri cocktail |
Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|