Kenny Dalglish












Kenny Dalglish

Kenny Dalglish 2009 Singapore.jpg

Fødd
4. mars 1951
Glasgow

Kenneth Mathieson Dalglish (fødd 4. mars 1951 i Dalmarnock i Glasgow) er ein skotsk tidlegare fotballspelar og sidan manager for mellom andre Liverpool FC, Blackburn Rovers FC, Newcastle United FC og Celtic FC. Han har rekord i tal landskampar og mål for Skottland, med 102 kampar og 30 mål (tal mål er tangering av Denis Law). Han spelte totalt 515 kampar for Liverpool FC, av desse 355 seriekampar. Dalglish har og vore manager for klubbene Liverpool, Blackburn Rovers, Newcastle United og Celtic. Han vart kjend som ein notorisk målscorar, og var den første til å score 100 mål i både den skotske og den engelske toppdivisjonen. Dalglish er ein av berre ni menn som har vorte engelsk seriemeister i fotball både som spelar og som manager. Han er også ein av berre tre managerar som har vunne den engelske toppserien med to ulike klubbar (Liverpool og Blackburn). Dei to andre som oppnådd det same er Brian Clough og Herbert Chapman. Han er utnemnt til medlem av Order of the British Empire.




Innhaldsliste






  • 1 Spelarkarriere


    • 1.1 Barne- og ungdomsår


    • 1.2 Suksess for Celtic


    • 1.3 Overbeviste straks som arvtakar etter Kevin Keegan




  • 2 Kjelder


  • 3 Bakgrunnsstoff





Spelarkarriere |



Barne- og ungdomsår |


Dalglish vart fødd i 1951 i Dalmarnock, i den austlege delen av Glasgow, og gjekk på Milton Bank barneskule. Faren, ingeniøren William Dalglish, var supportar av den skotske klubben Rangers. Allereie som ganske ung vart han teken med på fotballkampar for å følgje dette laget. Då familien nokre år seinare flytta til ei høgblokk like ved Rangers si treningsbane, «The Albion», kunne han følgje heltane Jim Baxter og Ian McMillan på nært hald. Han hadde berre ei syster og fekk derfor tett oppfølgjing av den fotballinteresserte faren. Han byrja som keeper i yngre år, men vart etter kvart plassert lengre framme på banen. Han kom tidleg med på Glasgow sitt skulelag og Skottland U-15. I ein landskamp på dette alderstrinnet spelte Skottland mot Nord-Irland, Dalglish var høgre indrelaupar og scora to mål. I den neste kampen for U-15 spelte laget mot England og ein journalist frå søndagsavisa «The People» vart så imponert at han omtalte Dalglish som «a brilliant ball player». Allereie som 15-åring var han på prøvespel i både West Ham United og Liverpool, men han fann seg ikkje til rette og returnerte derfor til heimbyen. I låneperioden i Liverpool fekk han éin kamp for junior-B, mot Southport. Celtic hadde han tidleg i kikkerten og 16 år gammal byrja han å trene med de grønstripete. Familien si interesse for Rangers gjorde at han lenge trente på Celtic Park i all hemmelegheit i frykt for kva dei ville seie heime. Då Jock Stein sin assistent, Sean Fallon, kom på overraskande besøk heime hos familien, sende Kenny ut mora for å ta i mot mannen medan han sjølv fekk teke ned dei største Rangers-bilda frå veggen på guterommet. Med faren si godkjenning skreiv han under sin første proffkontrakt etter eit par års trening og reservelagsspell i 1968. Celtic hadde i denne perioden sendt han til «farmerklubben» Cumbernauld United, der han scora 37 mål i 1967-68 sesongen. Då han vart proff spelte han den første tida på reservelaget til Celtic. Laget var så at spelarane vart omtalte som «the Quality Street gang». Celtic hadde på den tida også eit glimrande A-lag, som mellom anna hadde vunne Serievinnercupen, no kalla UEFA Champions League, året før.



Suksess for Celtic |


Han debuterte i den skotske ligacupen i kvartfinalen mot Hamilton Academical på Douglas Park 25. september 1968, då han kom inn som reserve for Charlie Gallagher. Celtic vann kampen 4-2.
I ligaen debuterte han i 1969 med ein 7-2 siger over Raith Rovers, der han spelte fire kampar i den første sesongen, då inkludert cupcampar. Gjennombrotet kom sesongen i 1971/72, med 17 mål på 31 ligakampar. Denne tida dominerte Celtic i Skottland, og laget vann «The Double» det året. På landslaget debuterte han i november 1971, i ei EM-kvalifisering mot Belgia. Sidan gjekk det slag i slag både nasjonalt og internasjonalt. Til saman fekk han 4 seriemeisterskap, 4 FA-cupmeisterskap, 1 ligacupmeisterskap, og to gongar semifinalespel i europacupen.


Dalglish gjekk frå Celtic til Liverpool 13. august 1977 i ein kamp mot Manchester United på Wembley.



Overbeviste straks som arvtakar etter Kevin Keegan |


Liverpool hadde nettopp seld Kevin Keegan til Tyskland, noko supporterane ikkje var glade for. Men 26-åringen Dalglish glei inn i systemet på Anfield straks, og på sine 6 første ligakampar i 1977 scora han 5 mål.
Laget frå 1978 var på mange måtar noko «uferdig». Dei tapte ligacupfinalen mot Nottingham Forest, og kom til slutt sju poeng bakom same laget i ligaen. Sesongen 1978/79 vann Liverpool ligaen, og det gjorde laget også i 1979/1980.
I 1980-81-sesongen vann Liverpool serievinnarcupen. Finalen vart spela mot Real Madrid i Paris og Liverpool vann 1-0.
1981/82 begynte med overraskende utskiftninger på laget og nye navn som Grobbelaar, Lawrenson, Whelan og Johnston. Liverpool tok sin første liga-/ligacupdobbel av i alt tre. Etter en treg start med bare 6 seire på 17 kamper, ble kombinasjonen Dalglish/Rush løsningen. Paisley var fremsynt nok til å prøve den hengslete waliseren da Johnston/Fairclough sviktet. Dermed hadde et av Liverpool og Englands «giftigste» spisspar sett dagens lys. De to laget 52 mål for klubben, og samarbeidet ble i pressen kalt for «telepatisk». Dalglish scoret vinnermålet i 2-1 kampen mot Tottenham i kampen som avgjorde ligamesterskapet. Samme lag ble beseiret i ligacupfinalen etter at londonerne hadde tatt ledelsen også der.


Dalglish spelte i tre verdsmeisterskap, i 1974, 1978 og 1982. Skottland kom ikkje langt i nokon av desse.


I 1982/83 vart Dalglish kåra til årets spelar både av spelarane og av journalistane. Klubben vann igjen ligaen. Ligacupfinalen vart også vunnen etter ein kamp mot Manchester United.
I Joe Fagan sin første sesong som manager vann Liverpool ein unik trippel i 1983/1984, med ligameisterskap, ligacupen og serievinnarcupen. I sesongen 1984-85 sesongen fekk laget problem men klarte 2.-plass i serien.
Frå 1985 tok Dalglish jobben som spelande manager, og etter kvart vart det mindre spel tel han få år seinare gjekk heilt over til å vere klubben sin manager.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Kenny Dalglish» frå Wikipedia på bokmål, den 31. juli 2017





Bakgrunnsstoff |




  • (en) Liverpools webside om Dalglish


  • (en) Spiller-profil på LFCHistory.net


  • (en) Manager-profil på LFCHistory.net


























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva