Turn! Turn! Turn!














































Turn! Turn! Turn!
singel av The Byrds
frå albumet Turn! Turn! Turn!


B-side
«She Don't Care About Time»

Utgjeve
29. oktober 1965

Innspelt
September 1965, Columbia Studios, Hollywood, CA

Sjanger

Folkrock

Lengd
3:49

Selskap

Columbia

Låtskrivar(ar)

Forkynnaren, Pete Seeger

Produsent

Terry Melcher

The Byrds-kronologi
«All I Really Want to Do»
(1965)

Turn! Turn! Turn!
«Set You Free This Time»
(1966)




«Turn! Turn! Turn! (to Everything There Is a Season)», ofte forkorta til «Turn! Turn! Turn!» er ein song som er henta frå Forkynnaren i Bibelen (med unntak av den siste linja) og sett til musikk av Pete Seeger i 1959. Seeger venta til 1962 før han spelte inn si eiga utgåve av songen, og gav han ut på The Bitter and the Sweet på Columbia Records.[1] 45% av alle honorara for songen er donerte til Israeli Committee Against House Demolitions, fordi som Seeger sa: «(i tillegg til musikken) skreiv eg seks ord».[2] Songen vart ein internasjonal hit seint i 1965 då han vart spelt inn av The Byrds. Deira utgåve nådde førsteplassen i USA og 26. plass i Storbritannia.




Innhaldsliste






  • 1 Teksten og tittelen


  • 2 Andre utgåver


    • 2.1 Tidlege viseutgåver


    • 2.2 The Byrds-utgåva


    • 2.3 Andre sine utgåver




  • 3 Kjelder





Teksten og tittelen |


Teksten er henta nesten ordrett frå Forkynnaren, slik ein finn han i Kong Jakob-bibelen frå 1611[3], sjølv om ordrekkefølgja er endra for songen. Forkynnaren vert tradisjonelt tilskriven kong Salomon.






«


  1. To every thing there is a season and a time to every purpose under the heaven:

  2. A time to be born and a time to die; a time to plant, a time to reap that which is planted;

  3. A time to kill and a time to heal; a time to break down and a time to build up;

  4. A time to weep and a time to laugh; a time to mourn and a time to dance;

  5. A time to cast away stones and a time to gather stones together; a time to embrace and a time to refrain from embracing;

  6. A time to get and a time to lose; a time to keep and a time to cast away;

  7. A time to rend and a time to sew; a time to keep silence and a time to speak;

  8. A time to love and a time to hate; a time of war and a time of peace.


»

Den bibelske teksten fastslår at det er ein tid og stad for alt: latter og sorg, læking og drap, krig og fred osv. Linjene er opne for mangfaldige tolkingar, men i songen får dei som regel tydinga om ei bøn om verdsfred, med vekt på den siste linja: «a time for peace, I swear it's not too late.» Denne linja og tittelen «Turn! Turn! Turn!» er dei einaste som Seeger skreiv sjølv.[1]



Andre utgåver |



Tidlege viseutgåver |


Songen vart først gjeven ut av visegruppa The Limeliters på albumet deira Folk Matinee i 1962, då med tittelen «To Everything There Is a Season».[1][4] The Limeliters gav ut si utgåve fleire månader før Seeger si eiga utgåve kom ut. Ein av medlemmene i The Limeliter var Jim McGuinn (òg kjend som Roger McGuinn), som seinare arbeidde med visesongaren Judy Collins. For henne omarrangerte han songen for albumet Judy Collins 3 i 1963.[1] Collins si utgåve vart kalla «Turn! Turn! Turn! (To Everything There Is a Season)», den same tittelen som bandet til McGuinn, The Byrds, seinare nytta når dei spelte songen i 1965.



The Byrds-utgåva |


«Turn! Turn! Turn!» var den tredje singelen av The Byrds og kom ut 1. oktober 1965 på Columbia Records.[5] Songen kom òg ut på albumet Turn! Turn! Turn!, som kom 6. desember same året.[5] The Byrds-utgåva er den mest suksessrike versjonen av songen, og singelen nådde førsteplassen i USA og 26. plass i Storbritannia..[6][7] Teksten til The Byrds-utgåva er den eldste teksten som nokon gong har hamna på førsteplassen i USA.[8]


Nesten tre tiår etter songen kom ut, hadde han ei viktig rolle i filmen Forrest Gump frå 1994.[9]



Andre sine utgåver |


Songen er òg spelt av ei rekkje andre artistar:




  • The Seekers på Georgy Girl frå 1966


  • Mary Hopkin som B-side til «Those Were The Days» frå 1968.


  • Nina Simone på To Love Somebody frå 1969.


  • Dolly Parton på The Great Pretender frå 1985.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Turn! Turn! Turn!» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2010.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. ↑ 1,01,11,21,3 «Turn! Turn! Turn! - Byrds Version». Allmusic. Henta 17. oktober 2010. 


  2. ↑ Hasson, Nir (8. november 2009). «Pete Seeger's role in ending Israeli house demolitions». Haaretz. Henta 17. oktober 2010. 


  3. ↑ «King Solomon's Writings». United Church of God: An International Association. Henta 17. oktober 2010. 


  4. ↑ «Folk Matinee review». Allmusic. Henta 17. oktober 2010. 


  5. ↑ 5,05,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 543–545. ISBN 0-95295-401-X. 


  6. ↑ Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 


  7. ↑ Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 


  8. ↑ «Fun Facts». Music Madness. Henta 17. oktober 2010. 


  9. ↑ «Forrest Gump Soundtrack». Internet Movie Database. Henta 17. oktober 2010. 






























Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Riksmekleren

Waikiki