Sulfat







Molekylmodell av sulfat.


Sulfat (SO42-) er eit anion bygd opp av eit svovelatom og fire oksygenatom. Salt og esterar som inneheld sulfation blir også kalla sulfat.
Sulfationet har ein tetraedrisk struktur. Svovelatomet i midten er omgitt av dei fire oksygenatoma. Det blir ofte avleidd frå svovelsyre (H2SO4).


Ein framstiller uorganiske sulfat gjennom å løyse metall i svovelsyre, ved reaksjon mellom metalloksid, -hydroksid eller -karbonat med svovelsyre eller ved oksidasjon av metallsulfid eller -sulfitt.
Organiske sulfat er esterer av typen ROSO3 eller R2SO4 der eitt eller begge hydrogenatoma i svovelsyra er erstattet av organiske grupper, R.


Mange typar sulfat finst i naturen, til dømes gips (CaSO4·H2O), barytt (BaSO4) og alunitt (KAl3(SO4)2(OH)6. I havet er sulfatkonsentrasjonen ca. 30 millimol per liter, noe som tilsvarer 960 g svovel per m3.
Saman med kation kan sulfationet danna salt. Desse får namn etter kationet, ofte eit metall, men med endinga -sulfat. Nokre viktige sulfat i kjemisk industri er natriumsulfat og ammoniumsulfat.
Dei fleste sulfata er lett løyselege i vatn. Dette gjeld likevel ikkje alltid. Til dømes er bariumsulfat og kalsiumsulfat (gips) tungtløyselege.




Bakgrunnsstoff |



  • «sulfater» i Store norske leksikon


Kjelder |



  • Delphin, Inger Lise A. «sulfater» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. januar 2014.




Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva