Galenitt
Galenitt Blyglans | |
Nærbilete av galenitt | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Sulfidmineral |
Kjemisk formel | PbS |
Strunz-klassifisering | 02.CD.10 |
Dana-klassifisering | 2.8.1.1 |
Krystallsymmetri | Isometrisk H–M symbol 4/m 3 2/m |
Einingscelle | a = 5.936 Å; Z = 4 |
Identifikasjon | |
Farge | Blygrå og sølvaktig |
Krystallform | Kubar og åttesidig, tavleforma og stundom skjelettaktige krystall |
Krystallsystem | Kubisk heksotahedral cF8, Romgruppe Fm3m, No. 225 |
Tvilling | Kontakt, penetrering og lamellar |
Kløyv | Kubisk perfekt på [001], deling på [111] |
Brot | Undermuslig |
Fastleik | Sprø |
Mohs hardleiksskala | 2.5–2.75 |
Glans | Metallisk |
Strekfarge | Blygrå |
Transparens | Ugjennomsiktig |
Spesifikk vekt | 7.2–7.6 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Isotrop og ugjennomsiktig |
Smeltbarheit | 2 |
Kjelder | [1][2][3] |
Galenitt eller blyglans er eit tungt, bløytt, metallisk mineral med blygrå farge. Krystalla spaltar lett i tre retningar etter terningflatene. Det er den viktigaste blyertsen og består av bly(II)sulfid, PbS, med ca. 86 % bly. Det har òg vore utnytta på grunn av sølvinnhaldet, som vanlegvis vekslar mellom 0,01 og 0,3 %. Innhaldet av sølv, antimon, vismut og andre element i galenitt kjem i stor grad av mikroskopiske innesluttingar av mineral som sølvglans og fahlerts. Mineral som er nærskyldt med galenitt er clausthalitt og altaitt.
I Noreg har mellom anna kontaktførekomstar ved Konnerud nær Drammen vore drive på bly og sølv (Jarlsberg verk). Nokre av kisførekomstane i Den kaledonske fjellkjeda leverer òg blyglanskonsentrat, til dømes Bleikvassli Gruber. Dei viktigaste produsentlanda er USA, Russland, Australia, Canada, Peru og Mexico.
Kjelder |
«Galenitt» (24. februar 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
↑ Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C., red. (1990). «Galena». Handbook of Mineralogy (PDF). I (Elements, Sulfides, Sulfosalts). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209708. CS1 maint: Multiple names: editors list (link)
↑ Galena. Webmineral
↑ Galena. Mindat.org
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Galenitt