Amon Düül II




















Amon Düül II

Sjanger
Krautrock, progressiv rock, psykedelisk rock
Aktive år 1968 til i dag[1]
Plateselskap
United Artists Records
Atlantic Records

Amon Düül II (eller Amon Düül 2) er eit tysk rockeband. Gruppa vert generelt rekna som ein av grunnleggjarane av krautrockmiljøet og hadde ein stor innverknad på denne stilretninga.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Diskografi


    • 2.1 Studioalbum


    • 2.2 Konsertalbum




  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Historie |


Bandet kom til i det radikale vesttyske samfunnet seint i 1960-åra. Andre i same miljøet starta Rote Armee Fraktion.[2] Medlemmane som starta gruppa var Chris Karrer, Dieter Serfas, Falk Rogner, John Weinzierl og Renate Knaup.


Bandet vart starta etter at Weinzierl og dei andre møttest i kunstkollektivet Amon Düül i München. Kollektiv bestod hovudsakleg av universitetsstudentar, og dei danna eit band for å få inn pengar til kollektivet. Alle i kollektivet vart med i bandet anten dei kunne spele eller ikkje. Kollektivet delte seg då dei fekk høve til å spele inn musikk, noko som vart boikotta av dei meir musikalsk dugande medlemmane i kollektivet (som kom saman og starta Amon Düül II). Dei andre medlemmane spelte inn musikk, men det var av særs dårleg kvalitet og vart berre gjeve ut seinare (under namnet Amon Düül) for å dra fordel av suksessen til Amon Düül II-albuma. Etter kvart som Amon Düül II voks og medlemmane vart bytte ut, heldt dei framleis saman som eit kollektiv og budde i lag som eit band.[3]


Det første albumet deira, Phallus Dei ('Guds penis'), kom ut i 1969 og bestod av musikk som gruppa framførte på konsertane sine på den tida. På denne tida var besetninga bygd rundt ein kjerne av Karrer (hovudsakleg fiolin og gitar), Weinzierl (gitar, bass, piano), Rogner på klaverinstrument, bassisten Dave Anderson, og to trommeslagarar (Peter Leopold som kom med i gruppa frå Berlin, og Dieter Serfas). Renate Knaup deltok på denne tida berre med litt song, men var likevel rekna som ein del av gruppa. I følgje Weinzierl spelte bandet nesten kvar dag på denne tida «Me spelte på universitet, akademi, undergrunnsklubbar og kvar einaste hall med straumuttak og eit publikum».[3] Då albumet kom ut fekk dei større publikum og byrja å turnere over heile Tyskland og etter kvart òg i utlandet, i lag med grupper som Tangerine Dream. I Tyskland heldt dei seg ofte med andre kollektiv som Kommune 1 i Berlin.


På det andre albumet deira, Yeti, hadde dei meir arrangerte songar i lag med bluesaktig fiolin- og gitarjammar, som det lange improviserte tittelsporet. Det neste albumet deira, Tanz der Lemminge, var basert på fire lange progressive rocke-suitar. På denne tida hadde bassiten Anderson reist attende til England og vorte med i Hawkwind, og vart erstatta av Lothar Meid. I tillegg fekk gruppa med seg synth-spelaren Karl-Heinz Hausmann.[4]


Dei turnerte mykje og gav ut Live in London i 1973 og i 1975 signerte dei platekontrakt med Atlantic Records i USA, og United Artists Records i Tyskland før dei vart oppløyste i 1981.[1]


I tillegg til å spele inn album og halde konsertar, fekk ADII tilbod om å lage filmmusikk, og vann ein tysk filmpris, Deutscher Filmpreis, for musikken deira til filmen San Domingo.[5]


Bandet har hatt fleire gjenforeiningar i nyare tid.



Diskografi |



Studioalbum |



















































































År
Tittel
Merknader
1969

Phallus Dei

1970

Yeti

1971

Tanz der Lemminge

1972

Carnival in Babylon

1972

Wolf City

1973

Utopia

  • Opphavleg gjeve ut som eit Utopia-album, eit sideprosjekt av produsenten til Amon Düül II, Olaf Kübler. Nyutgjevingar har tilskrive albumet til Amon Düül II

1973

Vive La Trance

1974

Hijack

1975

Made in Tyskland

  • Dobbeltalbum

1976

Pyragony X

1977

Almost Alive...

1979

Only Human

1981

Vortex

1995

Nada Moonshine #

2009

Bee As Such

  • Ikkje gjeve ut på CD, berre tilgjengeleg på heimesida til bandet



Konsertalbum |




























År
Tittel
Merknader
1973

Live in London

1992

Live in Concert

  • BBC-opptak frå 1973

1996

Live in Tokyo

2009

Life in Finland[1]



Kjelder |





  1. 1,01,11,2 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 20–21. ISBN 1-84195-017-3. 


  2. Krautrock, BBC4, oktober 2009


  3. 3,03,1 Interview with John Weinzierl, vitja 10. april 2013


  4. Communing With Chaos by Edwin Pouncey - 'The Wire' #144 (February 1996)


  5. «Amon Düül II at Gibraltar Encyclopedia of progressiv rock». 




Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad

  • Amon Düül 2- uoffisiell fanside


  • Amon Düül II-diskografi på Discogs












Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva