Ash Ra Tempel






































Ash Ra Tempel

Opphav
Berlin i Tyskland
Sjanger
Krautrock
Space rock
Psykedelisk rock
Aktive år 1970–1976
2000–2001
Tilknytte artistar
Ashra
Eruption
Klaus Schulze
The Cosmic Jokers
Bettina Hohls
Timothy Leary
Agitation Free
Wallenstein
Plateselskap Ohr
Virgin
Komische
King
Cleopatra
Spalax
Nettstad
www.ashra.com

Medlemmer

Manuel Göttsching
Klaus Schulze

Tidlegare medlemmer

Hartmut Enke
Timothy Leary
Rosi Mueller
Lutz Ulbrich

Ash Ra Tempel er eit tysk krautrockband frå 1970-åra som òg spela såkalla kosmisk rock eller space rock.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Innverknad


  • 3 Diskografi


    • 3.1 Studioalbum


    • 3.2 Konsertalbum


    • 3.3 Samlealbum




  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Historie |


Gruppa vart starta av gitaristen Manuel Göttsching, klaverspelar/trommeslagar Klaus Schulze og bassisten Hartmut Enke i 1971. All tre hadde tidlegare spela i den kortvarige gruppa Eruption som Conrad Schnitzler starta. Før det hadde Schnitzler og Schulze arbeidd i lag i Tangerine Dream.


Eit kortvarig psojekt Manuel Göttsching hadde i 1970 heitte Steeple Chase Blues Band, og med her var òg Hartmut Enke, Wolfgang Müller og Volker Zibell.


Ash Ra Tempel gav ut debutplata si i juni 1971. Denne utgjevinga vert av kritikarane rekna for å vere ein klassikar innan sjangeren. Schulze slutta i bandet ei stund for å ta seg av solokarrieren sin etter at debutplata kom ut. Schwingungen (1972), Seven Up (med Timothy Leary) (1972) og Join Inn (1973) vert alle rekna som dei sentrale verka til bandet. Det meir pop-orienterte albumet Starring Rosi frå 1973 fekk dette namnet fordi Rosi Mueller var vokalist.


Musikken deira vert karakterisert som kosmisk eller atmosfærisk. Dei tidlege albuma deira var meir psykedeliske og hadde alle eitt langt spor per side: ein meir kraftfull og dramatisk, og den andre meir atmosfærisk. Sidan tysk språk ikkje var særleg populært i rockemusikken på den tida, valte dei å ikkje ha tekstar på songane sine.[1]


Den originale besetninga kom saman att for ein konsert i Köln den 28. februar 1973.[2]


Seinare, etter å ha spelt inn filmmusikken til Le Berceau de Cristal (1975; kom ut i 1993) endra Ash Ra Tempel namn til Ashra, og vart samstundes meir melodisk og synthesizerbasert. I 2000 kom bandet saman att med Manuel Gottsching og Klaus Schulze. Paret hadde tidlegare arbeidd i lag på Schulze-albumet In Blue.



Innverknad |


Ash Ra Tempel har hatt relativ stor innverknad på seinare space rock- og krautrock-band. Dei psykedeliske banda Acid Mothers Temple og Hash Jar Tempo har namn som referer til Ash Ra Tempel.



Diskografi |



Studioalbum |




  • Ash Ra Tempel (1971)


  • Schwingungen (1972)


  • Seven Up (1972, with Timothy Leary)


  • Join Inn (1973)


  • Starring Rosi (1973)


  • Le Berceau de Cristal (soundtrack) (1975)


  • New Age of Earth (1976) (av Ashra)


  • Blackouts (1977) (av Ashra)


  • Correlations (1979) (av Ashra)


  • Belle Alliance (1980) (av Ashra)


  • Walkin' the Desert (1989) (av Ashra)


  • Tropical Heat (1991) (av Ashra)


  • Friendship (2000, med Klaus Schulze)



Konsertalbum |



  • Gin Rosé: at the Royal Festival Hall (2000)


Samlealbum |




  • The Best of the Private Tapes 2xCD (1998) (demo-innspelingar)


  • Schwingungen/ Seven Up (1998) (To i ein)


  • Join Inn/ Starring Rosi (1998) (To i ein)



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Ash Ra Tempel» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2013.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. «Ashra - Offisiell side». Henta 10. april 2013. 


  2. The Making of 7-Up







Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad

  • Unsung: Ash Ra Tempel

  • Myspace

  • The Making Of Seven Up


  • «Ash Ra Tempel». Rate Your Music. Henta 10. april 2013. 





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva