Aurora






Aurora, måla av Guercino.


Aurora var i romersk mytologi gudinne for morgongryet. Namnet hennar er brukt som kvinnenamn og om naturfenomenet polarlys.



Gudinna |


Aurora var ei ung gudinne som fornya seg sjølv kvar morgon og reid over himmelen med bod om at dagen kom. Ho hadde ein ektemann, Tithonus, som opphavleg var døyeleg. Aurora bad Zevs om å gjera han udøyeleg, men gløymde å be om at han skulle få evig ungdom, derfor ende Tithonus opp med å aldrast i all æve.


Gudinna var syster til sola og månen og mor til dei fire vindane.


Ho kan liknast med Eos i gresk og Usjas i vedisk mytologi.



Namneberarar |




  • Aurore Tisell, svensk forfattar


  • Aurore Clément (f. 1945), fransk skodespelar


  • Aurora Brønstad (f. 1967), norsk veterinær og forskar



Annan bruk av namnet |



  • Me finn att namnet i aurora borealis og aurora australis, andre namn for nordlys og sørlys.


  • Aurora Leigh er ein roman frå 1856 av Elizabeth Barrett Browning.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva