Morkinskinna






Morkinskinna (1009 fol.), ei side frå handskriftet.


Morkinskinna er ein kongesaga som omhandlar dei norske kongane i tidsrommet frå 1035, med tiltredinga av kong Magnus Olavsson den gode, og fram til 1157, då kong Øystein Haraldsson døydde. Boka vart skriven på Island ca. 1220 og er verna i eit handskrift frå ca. 1275.




Innhaldsliste






  • 1 Den morkne boka


  • 2 Innhald


    • 2.1 Sagaer




  • 3 Problematisert saga


  • 4 Nye utgjevingar


  • 5 Referansar


  • 6 Bakgrunnsstoff





Den morkne boka |


Namnet er opphavleg gjeve det handskriftet som er verna i Det Kongelege Biblioteket i København (1009 fol.). Det vart teke frå Island av Þormóður Torfason (Tormod Torfæus) i 1662, og det var han som gav handskriftet namnet. Morkinskinna tyder ‘morke skinn’, i motsetnad til Fagerskinna, som var i betre stand. Skriftet var ei gåve til Frederik III.[1]



Innhald |


Morkinskinna byrjar med at fyrst Jaroslav og Ingegjerd Olofsdatter i Gardarike får Magnus Olavsson til oppfostring. Dette må ha skjedd kort tid før Magnus' far Olav den heilage døydde i 1030. I 1035, som vanlegvis vert rekna som byrjinga av Morkinskinna,[2] kjem Magnus tilbake til Noreg og krev trona. Sagaen fortel deretter om dei norske kongane i kronologisk rekkjefølgje. Han sluttar brått av i 1157, då kong Øystein Haraldsson vart drepen i Ranrike. Den siste delen av manuskriptet er forsvunne. Ein kan likevel lese noko av resten i Snorres kongesagaer (Heimskringla), som byggjer på Morkinskinna. Sett i samanheng med Snorre Sturlason sin tekst er det ein del andre opplysningar i Morkinskinna, mellom anna om Einar Tambarskjelve, og historiene er òg meir omfattande om Harald Hardråde og Magnus den gode.
Morkinskinna har òg teke inn eit større innslag frå verket Ryggjastykke som Eirik Oddsson skreiv på slutten av 1100-talet, og det finst òg innslag frå Ágrip af Nóregs konunga sögum.


Morkinskinna er i motsetnad til dei tidlegare nemnde sagaene mindre tørre, og det eldste oversynsverket som gjev fritt spelerom for forteljarglede og forteljarkunst, og mange skaldekvad vert sitert. «Men det morsomste er anekdotene, og dem kryr det av i fremstillingen, i alt tretti slike þættir. Flere av dem – som fortellingen om skalden Ivar Ingemundsson og om Audun med isbjørnen – hører til det ypperste i norrøn fortellerkunst,» slår Harald og Edvard Beyer fast.[3]



Sagaer |


Morkinskinna inneheld følgjande sagaer:




  • Saga Magnús goða ok Haralds harðráða,[4] om kongane Magnus den gode og Harald Hardråde


  • Saga Ólafs Kyrra, om kong Olav Kyrre[5]


  • Saga Magnús konungs berrfætts, om kong Magnus Berrføtt[6]


  • Saga Sigurðar Jórsalfara, om kongane Sigurd Jorsalfare og Øystein Magnusson[7]


  • Saga Haralds Gilla, om kongane Harald Gille og Magnus Blinde[8]


  • Saga Sigurðar Slembidjákns, om tronpretendenten Sigurd Slembe[9]


  • Saga Inga ok bræðra hans, om kongane Inge Krokrygg, Sigurd Munn og Øystein Haraldsson[10]



Problematisert saga |


Interessa for Morkinskinna var lenge låg blant forskarane, sidan verket vart vurdert som dårlegare enn andre kongesagaer. Finnur Jónsson noterte ved utgjevinga i 1932 at «De gamle sagaer om de enkelte konger er blitt utvidet med større og mindre þættir, der skal tjene til å belyse kongenes karakter; de står ikke i noe organisk sammenheng med hovedsagaen.[11] Ein meinte tidlegare at teksten i Morkinskinna var ein dårlegare versjon frå ei opphavleg førsteutgåve av sagaen som ikkje lenger finst. Det var spesielt þættir som var problematisk sidan dei ikkje syntest å stå i ein klår samanheng med grunnstammen i sagaen. þættir vart gjentekne i andre verk og burde difor ikkje ha vore inkorporert i ein kongeleg biografi. Dei vart difor freista trekt ut av strukturen og presentert som ein eigen litterær genre, som korte forteljingar eller noveller.


Først i seinare år har Morkinskinna vorte set på med nye auge og vurdert slik han vart opphavleg funne, og at han ikkje naudsynleg er ein kompilasjon, men ei sjølvstendig saga, slik som Fagrskinna, skjønt det treng ikkje at å tyda at alt i Morkinskinna er forfatta av same forfattar. Filologen Ármann Jakobsson har argumentert for at þættir er døme (exempla) og har avgjort funksjon i sagaen ved at dei kastar ljos over rolla til kongen i samfunnet og framferda til dei einskilde kongane i høve kongeidealet. Difor er dei viktige for forståinga av Morkinskinna som ei høvisk kongesaga som rettar søkelyset på undersåttar og især islendingar saman med kongen.[12]



Nye utgjevingar |


Morkinskinna finst i Finnur Jónsson si utgåve frå 1932, og Jón Helgason si utgåve frå 1934, begge på islandsk, og ei engelsk omsetjing ved Theodore M. Andersson og Kari Ellen Gade frå 2000. Ei nynorsk utgåve kom i 2001 ved Kåre Flokenes.[13]


I eit gåvebrev av 13. mai 2005 vart det gjort kjent at den islandske regjeringa ynskte å foræra det norske folk ei vitskapleg utgåve av verket. Denne vart utgjeven i 2011 av Hið islenzka fornritafélag.[14]



Referansar |



  • Denne artikkelen bygger på «Morkinskinna» frå Wikipedia på bokmål, den 14. september 2016.




  1. Island ca. 1275 frå Det Kongelege Biblioteket


  2. Morkinskinna, etterord av professor Gunnstein Akselberg, s. 321


  3. Noregs litteraturhistorieOslo 1978, side 40


  4. Morkinskinna, utgitt av C. R. Unger, Christiania 1867. s. 1-121


  5. Ibid. s. 121-130


  6. Ibid. s.130-156


  7. Ibid. s. 156-198


  8. Ibid. s. 198-200


  9. Ibid. s. 200-222


  10. Ibid. s. 223-237


  11. Morkinskinnafulltekst faksimile av 1932-utgåva


  12. «Rundt om kongen».En genvurdering af Morkinskinna av Ármann Jakobsson (PDF-fil) om den filologiske debatt rundt Morkinskinna


  13. Utgjeve av Erling Skjalgssonselskapet, 2001. 2001. ISBN 82-91640-14-9.


  14. Utgjeve av Hið islenzka fornritafélag, 2011. 2011. ISBN 978-9979-893-83-7.



Bakgrunnsstoff |



  • Morkinskinna, redigert av Carl Richard Unger, Christiania 1867, hos Google Books



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva