Jerusalem guvernement
Jerusalem guvernement | |
guvernement | |
Land | Dei palestinske territoria |
---|---|
Region | Vestbreidda |
Distriktshovudstad | Jerusalem |
Koordinatar | |
Areal | 331,6 km² |
Folketal | 429 500 (2005) |
Wikimedia Commons: Jerusalem Governorate | |
Jerusalem guvernement (arabisk محافظة القدس}} Muḥāfaẓat al-Quds; hebraisk נפת אל קודס Nafat al-Quds) er ein av 16 guvernement i Palestina og ligg sentralt på Vestbreidda. Guvernementet har to underdistrikt: Jerusalem J1, som omfattar stadar i den israelske Jerusalem kommune (Aust-Jerusalem), og Jerusalem J2, som omfattar resten av Jerusalem guvernement.[1] Distriktshovudstaden i guvernementet er Jerusalem (al-Quds).
Det samla arealet til guvernementet er 331,6 km2. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde guvernementet eit folketal på 429 500 innbyggjarar i 2005, som utgjer kring 10,5 % av palestinarar i Dei palestinske territoria.[2]
Innhaldsliste
1 Inndeling
1.1 Inndeling etter underdistrikt
1.2 Inndeling etter type
1.2.1 Byar
1.2.2 Kommunar
1.2.3 Landsbykommunar
1.2.4 Bydelar i Aust-Jerusalem
2 Politikk
3 Sjå òg
4 Kjelder
Inndeling |
Jerusalem guvernement er delt inn underdistrikta «Jerusalem J1» og «Jerusalem J2». Jerusalem J1 består av delar av Vestbreidda som vart annektert av Israel i 1980 og inkludert i den israelske kommunen Jerusalem. Jerusalem J1 vert òg som regel kalla Aust-Jerusalem. Jerusalem J2 består av dei områda av guvernementet som ikkje er med i J1.[1]
Inndeling etter underdistrikt |
Jerusalem J1: Al’ Isawiya, Al - Quds (Gamlebyen), Ash - Shayyah, As-Sawahira Al-Gharbiya, As Suwwana, At -Tur, Ath – Thuri, Bab Al-Sahira, Beit Hanina, Beit Safafa, Jabal Al – Mukabbir, Kufr A’qab, Ras Al-Amud, Sharafat, Sheikh Jarrah, Shu’fat, Shu’fat Refugees Camp, Silwan, Sur Bahir, Um Tuba, Wadi Al - Joz
Jerusalem J2: Abu Dis, Al-Eizariya, Al-Jib, Al-Judeira, Al-Qubeiba, Al-Ram, Al-Sawahreh al-Sharqiyeh, 'Anata, An-Nabi Samu’eil, Ash-Sheikh Sa’d, Az Za’eem, Beit Anan, Beit Hanina al-Balad, Beit Ijza, Beit Iksa, Beit Surik, Biddu, Beit Duqqu, Bir Nabala, Dahiat Al-Bareed, Hizma, Jaba’, Khirbet Um Al- Lahem, Mikhmas, Qalandya, Qalandya Refugee Camp, Qatanna, Rafat, the beduin community Al-Khan Al-Ahmar, den beduinske busetnaden Jaba’, andre beduinske landsbyar.
Inndeling etter type |
Byar |
- Abu Dis
- al-Eizariya
- ar-Ram
Kommunar |
- Biddu
- Beit 'Anan
- Bir Nabala
- Hizma
- Kafr Aqab
- Qatanna
- Qalandiya
Landsbykommunar |
- 'Anata
- Arab al-Jahalin
- Beit 'Anan
- Beit Duqqu
- Beit Hanina
- Beit Iksa
- Beit Sirik
- Jaba'
- al-Jib
- al-Judeira
- Kalandia
- Mikhmas
- Rafat
- as-Sawahira ash Sharqiya
- az-Za'ayyem
Bydelar i Aust-Jerusalem |
- Abu Tor
- Beit Hanina
- Beit Safafa
- Isawiya
- Jabal Mukabar
- Gamlebyen
- Ras al-Amud
- Sheikh Jarrah
- Shu'fat
- Silwan
- Sharafat
- Sur Baher
- At-Tur
- Umm Tuba
- Wadi al-Joz
al-Walaja (del av Betlehem guvernement og Aust-Jerusalem)
Politikk |
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Jerusalem delt. Vest-Jerusalem kom under israelsk styre og Aust-Jerusalem, inkludert Gamlebyen, som vart styrt av Jordan fram til 1967. I seksdagarskrigen i 1967 okkuperte Israel Vestbreidda og annekterte Aust-Jerusalem de facto.[3] Aust-Jerusalem, og andre område av Vestbreidda og Vest-Jerusalem, vart innlemma i ein kommune. I følgje ein avtale mellom PLO og Israel, kunne palestinske innbyggjarar i Aust-Jerusalem delta i val i Den palestinske sjølvstyresmakta om dei ønskte dette, i tillegg til val for Knesset, det israelske parlamentet.
Sjå òg |
- guvernement i Den palestinske sjølvstyresmakta
- Jerusalem distrikt
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Jerusalem Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2015.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,1 Israeli settlements in Palestine—Annual Statistical Report 2012, Concepts and Definitions, s. [22]-[23]. Palestinsk statistisk sentralbyrå, August 2013
↑ Jerusalem Bulletin English.pdf
↑ Aust-Jerusalem - B'Tselem
Guvernement i Palestina | ||
---|---|---|
Vestbreidda | Jerusalem (al-Quds) · Betlehem · Hebron · Jenin · Jeriko · Nablus · Qalqilya · Ramallah og al-Bireh · Salfit · Tubas · Tulkarm | |
Gazastripa | Deir al-Balah · Gaza · Khan Yunis · Nord-Gaza · Rafah |
|