Fyresdal kommune

Multi tool use
Fyresdal kommune | ||
kommune | ||
|
||
Land |
![]() |
|
---|---|---|
Fylke |
Telemark |
|
Adm.senter |
Fyresdal |
|
Areal |
1 281 km² |
|
- land |
1 110 km² |
|
- vatn |
181 km² |
|
Folketal |
1 320 (1. januar 2018) |
|
Folketettleik |
1 / km² |
|
Målform |
nynorsk |
|
Ordførar |
Erik Skjervagen (Ap) |
|
Kommunenr. |
0831 |
|
![]() | ||
Wikimedia Commons: Fyresdal | ||
Nettstad: www.fyresdal.kommune.no | ||
Fyresdal er ein norsk kommune som ligg sørvest i Telemark fylke. Han grensar mot Åmli, Bygland og Valle i Aust-Agder fylke, og mot Tokke, Kviteseid og Nissedal i Telemark.
Kommunen vart oppretta som Moland ved innføringa av formannskapslovene i 1838 og har ikkje hatt grensebrigde. Namnet blei endra til Fyresdal i 1879. Kommuneadministrasjonen held til i tettstaden Fyresdal.
Innhaldsliste
1 Namn og symbol
2 Geografi
3 Næringsliv
4 Samferdsle
5 Kultur
6 Kjende personar frå Fyresdal
7 Kjelder
7.1 Fotnotar
8 Bakgrunnsstoff
Namn og symbol |
Opphavet til namnet Fyresdal er usikkert. Ein teori er at det kjem frå norrønt Fyrisdalr, der førstedelen av namnet er genitiv *Fyrir (no Fyresvatn) og viser til treslaget furu. Det siste elementet, dalr, tyder 'dal'. Ein person frå Fyresdal vert kalla for «fyresdøl».
Kommunevåpenet til Fyresdal viser to skråstilte øksar i sølv på grøn botn. Det står for jordbruksnæring og skogdrift.[1] Våpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon den 24. april 1992.
Utsyn over Fyresvatn
Geografi |
Kommunen er prega av Fyresdalen, eit nord-sørgåande dalsystem med det 26 km lange Fyresvatnet i botnen.
Næringsliv |
Dei viktigaste næringane i Fyresdal har gjennom lengre tid vore skogbruk og jordbruk, særleg med husdyr som sau og storfe. Skogane gir ein årleg produksjon på om lag 33 000 m³ tømmer kvart år.[1] Kommunen har òg tre kraftverk med ein årleg produksjon på 327 GWh. Fjellterrenget har lenge vore brukt til jakt og fiske, og trekker i dag turistar.
Det er litt industri i kommunen, mellom anna Telemark Kildevann som tappar kjeldevatn, ein mekanisk verkstad og møbel- og trevareindustri.
Samferdsle |
Tårnet på Fyresdal flyplass
Langs Fyresvassdraget gjennom kommunen går Fylkesveg 355 frå nord til sør, der han har samband med Rv. 41. I nord er han knytt saman med Fv. 38, og møter Europaveg 134 Drammen-Haugesund på Åmot i Vinje.[1] Like nord for administrasjonssenteret Fyresdal, ved Verpe, ligg ein småflyplass, Fyresdal flyplass.
Kultur |
Ved Molandsmoen står Skeisteinen, ein runestein frå 1100-talet. Eit stort gravfelt ligg i parkområdet Øyskogen, med nokre freda furutre.
I kommunen ligg Moland kyrkje, ei krosskyrkje i tre frå 1843, og Veum kyrkje frå 1873.[1]
Kjende personar frå Fyresdal |
Kjell Audun Aalandsli, trubadur
Jon Lauritz Qvisling, pastor, forfattar og slektsforskar
Vidkun Quisling (1887-1945), offiser og politikar avretta for landsforræderi
Ivar Peterson Tveiten, politikar og stortingspresident
Petter Veum, spelemann
Knut Trondsson, spelemann
John Lie, forfattar
Haakon Lie, forfattar
Bendik Taraldlien, forfattar og lokalhistorikar
Kjelder |
- Delar av denne artikkelen bygger på «Fyresdal kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2011.
Nilsen, Jan Erik; Redaksjonen (08.07.2010), «Fyresdal», [[Store Norske Leksikon]] URL–wikilink conflict (hjelp) CS1 maint: Date and year (link)
Fotnotar |
↑ 1,01,11,21,3 Nilsen & Redaksjonen 2010
Bakgrunnsstoff |
- Fyresdal kommune
Vest-Telemark Blad - Lokalavis i Fyresdal
Historiske arkiv etter Fyresdal kommune på Arkivportalen
Kommunar i Telemark | ||
---|---|---|
|
![]() |
Koordinatar:
|
I4hiroverELgFm eCjXQOUNMbA3Albn waSxDaU,CEZl,Z0aMx4LILLEf,zcumrb,Q