Robbie Robertson








































Robbie Robertson

The Band - 2005710007.jpg
Robertson i 1971.
Foto: Heinrich Klaffs.

Verkeleg namn Jaime Robert Klegerman
Fødd
5. juli 1943 (75 år)
Toronto i Ontario i Canada
Instrument

Gitar, piano, munnspel, autoharpe, vokal


Sjanger
Rock, folkrock
Aktive år 1958 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent, skodespelar
Tilknytte artistar
The Band, Ronnie Hawkins & The Hawks, Bob Dylan, John Hammond Jr.
Plateselskap
Capitol, Geffen

Jaime Robert «Robbie» Robertson, fødd Jaime Robert Klegerman (fødd 5. juli 1943), OC, er ein kanadisk musikar og gitarist. Han er mest kjend som gitarist og den viktigaste låtskrivaren i The Band.[1] Han vart rangert på 78. plass på Rolling Stone si liste over dei 100 største gitaristane gjennom tidene.[2]The Band er innlemma i både Rock and Roll Hall of Fame og Canadian Music Hall of Fame. Som låtskrivar har Robertson stått for klassikarar som «The Weight», «The Night They Drove Old Dixie Down», «Up On Cripple Creek», «Broken Arrow» og «Somewhere Down the Crazy River», blant mange andre.




Innhaldsliste






  • 1 Biografi


  • 2 Diskografi


    • 2.1 Album med The Band


    • 2.2 Albums med Bob Dylan and The Band


    • 2.3 Soloalbum




  • 3 Filmar


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Biografi |


Far til Robertson er jødisk og mor hans er mohawkindianar. Han byrja å spele gitar i seksårsalderen og byrja sidan å skrive låtar.


Gjennombrotet kom etter kontakt med songaren Ronnie Hawkins og frå 1961 til 1963 spelte han i bandet hans the Hawks (først som bassist og seinare gitarist) og turnerte i både USA og Canada. The Hawks braut med Ronnie Hawkins og turnerte på eiga hand i nokre år. Robertson utvikla ein blendande teknikk og var ein gitarhelt i New York-området før det i det heile fanst gitarheltar. Etter at Bob Dylan først hadde nytta Robertson som studiomusikar, vart heile The Hawks bandet til Dylan. I samband med motorsykkelulukka til Dylan fekk gruppa ein eigen platekontrakt og vart lansert under det nye namnet The Band.


Robertson, som tidleg hadde byrja å skrive låtar, vart snart den fremste låtskrivaren til The Band. Nesten alle dei kjende låtane til The Band er skriven av han. Dette førte til konflikt mellom Robertson og trommeslagaren Levon Helm, som meinte at mange av låtane vart arbeidd fram som eit samarbeid mellom alle medlemmane i studio. Det var Robertson som tok initiativet til oppløysinga av The Band i 1976, og då gruppa vart gjenforeint i 1980-åra ville han ikkje vere med.


I 1987 debuterte han som soloartist med albumet Robert Robertson. I 1994 gjekk Robertson attende til røtene sine med gruppa The Red Road Ensemble og Music for the Native Americans. I 1998 kom albumet Contact from the Underworld of Redboy. I 2000 spelte han i lag med Levon Helm på Ronnie Hawkins-songen «Blue Moon in My Sign» på albumet Can't Stop Rockin' - men Helm og Robertson var aldri i studio samstundes.



Diskografi |



Album med The Band |



  • 1968 Music from Big Pink

  • 1969 The Band

  • 1970 Stage Fright

  • 1971 Cahoots

  • 1972 Rock of Ages

  • 1973 Moondog Matinee

  • 1975 Northern Lights - Southern Cross

  • 1977 Islands

  • 1978 The Last Waltz

  • 1995 Live at Watkins Glen



Albums med Bob Dylan and The Band |



  • 1974 Before the Flood

  • 1974 Planet Waves

  • 1975 The Basement Tapes

  • 1998 The Bootleg Series Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The "Royal Albert Hall" Concert



Soloalbum |



  • 1987 Robbie Robertson (med U2, Peter Gabriel)

  • 1991 Storyville

  • 1994 Music for The Native Americans

  • 1998 Contact from the Underworld of Redboy[3]

  • 2011 How To Become Clairvoyant



Filmar |


Robertson er tilskriven i følgjande filmar



  • 1978 The Last Waltz (musikar/produsent)

  • 1980 Carny (skodespelar/låtskrivar/produsent)

  • 1980 Raging Bull (musikkprodusent)

  • 1983 The King of Comedy (musikkprodusent)

  • 1986 The Color of Money (songar og filmmusikk)

  • 1991 Until the End of the World (musikk)

  • 1994 Jimmy Hollywood (musikk)

  • 1995 Casino (musikalsk rådgjevar)

  • 1995 The Crossing Guard (skodespelar – Roger)

  • 1996 Phenomenon (produsent for filmmusikken)

  • 1996 Dakota Exile (forteljar)

  • 1999 Forces of Nature (musikalsk rådgjevar)

  • 1999 Wolves (forteljar)

  • 1999 Any Given Sunday (songar)

  • 2000 Dancing at the Blue Iguana (songar/musikar)

  • 2001 The Life and Times of Robbie Robertson

  • 2002 Gangs of New York (musikalsk produsent)

  • 2002 Skins (låtskrivar/musikar)

  • 2004 Jenifa (medprodusent)

  • 2004 Ladder 49 (original song «Shine Your Light»)

  • 2006 The Departed (musikalsk produsent)

  • 2007 Eric Clapton: Crossroads Guitar Festival 2007 (musikar)

  • 2008 Mardik: From Baghdad to Hollywood (skodespelar)

  • 2009 Shutter Island (musikalsk rådgjevar)



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Robbie Robertson» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2011.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Ankeny, Jason. «The Band: Robbie Robertson». The Band. Henta 23. januar 2011. 


  2. «The 100 Greatest Guitarists of All time». Rolling Stone. 24. mars 2004. Arkivert frå originalen 10. februar 2007. Henta 23. januar 2011. 


  3. Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 816. ISBN 1-84195-017-3. 







Bakgrunnsstoff |



  • Robbie Robertson på MySpace

  • Robbie Robertson på Facebook





















Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva