Høgskolen i Nesna






Hovudinngangen i nyfløya frå 2006




Innvendig detalj frå nyfløya


Høgskolen i Nesna (HiNesna) er ein tidlegare høgskule i Nesna som no utgjer Nord universitet, studiestad (campus) Nesna.
1. januar 2016 blei HiNe slått saman med Universitetet i Nordland[1] og Høgskolen i Nord-Trøndelag til Nord universitet.[2]


Høgskolen hadde vel 1200 studentar og 130 tilsette. Han vart etablert som følgje av at lærarhøgskolen i Nesna vart omorganisert som ein del av Høgskolereforma i 1994. Frå 1918 og fram til 1994 var høgskolen kjend som Nesna lærerhøgskole.



Om høgskolen |


Høgskolen i Nesna er den nest eldste institusjon for høgare utdanning Nord-Noreg. I tillegg til hovudcampus på Nesna, hadde HiNe studielokalitetar i Mo i Rana, i Sandnessjøen, i Brønnøysund og Mosjøen, og studietilbod i Narvik. Høgskolen var involvert både i ordinære forsknings- og utviklingsprosjekt og i prosjekt innanfor næringsretta høgskolesatsing.


Høgskolen sin online skriftserie er «Fredrikke», oppkalla etter kvinnesaksforkjemparen Fredrikke Tønder-Olsen.


Høgskolen gav tilbod om fag- og profesjonsstudie innan informatikk, naturfag, idrett, musikk, drama, lærarutdanning og sjukepleiarutdanning. Desse kunne ein ta i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgradar, mastergradar og somme doktorgradstudie, i tillegg til ei rad kurs-, etter- og vidareutdanningar.


Høgskolen var delt i fleire fagseksjonar:



  • Drama

  • Engelsk

  • Heimkunnskap

  • Idrett

  • Informatikk

  • RLE

  • Kunst og handverk

  • Matematikk

  • Musikk

  • Naturfag

  • Norsk

  • Pedagogikk

  • Samfunnsfag

  • Sykepleiarutdanning



Bakgrunnsstoff |



  • Høgskolen i Nesna



  • [1]


  • Nytt universitet i Midt- og Nord-Norge








  • Popular posts from this blog

    What are all the squawk codes?

    What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

    Hudsonelva