Shackletonisen
| Shackletonisen | |
| isbrem | |
| Land | |
|---|---|
| Stad | Queen Mary Land og Wilkes Land |
| - koordinatar | |
| Administrert under | Antarktistraktaten |
Shackletonisen (Antarktis) | |
Shackletonisen er ein stor isbrem ved kysten av Aust-Antarktis som strekkjer seg kring 384 km (95E til 105E) langs kysten, og kring 145 km ut i havet i vest og 64 km i aust. Han dekkjer eit område på kring 33 820 km². Han er ein del av Mawsonhavet og skil Queen Mary Coast i vest frå Knox Coast i Wilkes Land i aust. Isbremmen vart oppdaga av USEE under Charles Wilkes som kartla delar av han frå «Vincennes» i februar 1840. Han vart utforska av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen under Douglas Mawson (1911-14) som namngav han etter sir Ernest Shackleton. Isbremmen vart kartlagt i større detalj i 1955, ved hjelp av flyfoto tekne av US Navy Operasjon Highjump i 1946-47. Den sovjetiske ekspedisjonen i 1956 kartla isbremmen ytterlegare austover frå Scottbreen til ein ein del av denne isbremmen.
Sjå òg |
- Isbremmar i Antarktis