Øystre Slidre kommune


































































Øystre Slidre kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Oppland


Adm.senter

Heggenes

Areal
963 km²
 - land
883 km²
 - vatn
80 km²

Folketal
3 221 (1. januar 2018)
Folketettleik

4 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Kjell B. Melbybråten (Ap)


Kommunenr.
0544




NO 0544 Øystre Slidre.svg




Wikimedia Commons: Øystre Slidre

Nettstad: www.oystre-slidre.kommune.no


Øystre Slidre kommune ligg i Oppland fylke og grensar i nord til kommunane Vågå og Nord-Fron, i nordaust til Sør-Fron og Gausdal, i søraust til Nord-Aurdal, i sørvest til Vestre Slidre, og i vest til Vang. Øystre Slidre vart eigen kommune i 1849, då kommunen Slidre vart kløyvd i Vestre og Øystre Slidre.


Kommunen ligg i dalføret Valdres, mellom Hallingdalen og Gudbrandsdalen.


Sør i kommunen er det rike førekomstar av fyllittskifer som har vore utvunne i meir enn 200 år. I ein periode var skiferbrotet ein av dei største industriarbeidsplassane i Valdres. Skiferen er også avbilda på kommunevåpenet.


I tillegg til landbruk er turistnæringa viktig i kommunen, med den populære skistaden Beitostølen som største aktør.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Næringsliv


  • 3 Verdt å sjå i Øystre Slidre


  • 4 Bakgrunnsstoff





Geografi |




Bitihorn med fylkesveg 51.


Dei fleste innbyggjarane bur i kommunesenteret Heggenes, Rogne, Skammestein, Volbu, Beito og på Beitostølen.


Folk frå Øystre Slidre er kalla øystreslidringar, medan folk frå Beito, Heggenes, Volbu og Rogne blir kalla høvesvis beitinga, heggebygdinga, vølbuinga og røgninga.


Fjellområdet Jotunheimen strekkjer seg inn i dei nordre delane av kommunen. Øystre Slidre måler 45.1 km på nord-sør aksen og 39.8 km på aust-vest aksen.


Det høgste punktet i kommunen er Øystre Rasletind med ei høgd på 2010 meter over havet. Ein annan kjent fjelltopp er Bitihorn. Om lag 73% av arealet i kommunen ligg over 900 meter over havet. Det lægste punket i kommunen er 410 meter over havet.


Vatn dekkjer 60 km² av kommunen, dei største innsjøane er Vinstri, Yddin, Vangsjøen, Javnin og Olevatn.


Kommunen ligg delvis i Jotunheimen og fjellvegen over Valdresflye til Gudbrandsdalen er eit velkjent verhardt parti. Denne vegen er ein del av den indre ruta for trafikk på aksen Bergen - Trondheim.



Næringsliv |


Landbruk har tradisjonelt vore den viktigaste næringa i Øystre Slidre, for det meste med hald av husdyr og produksjon av gras. Dei seinare åra har det vore satsa meir på turistnæring i form av nye anlegg, særleg på Beitostølen der det er bygd ei rekkje hytter og hotell.



Verdt å sjå i Øystre Slidre |




Hegge stavkyrkje


  • Hegge stavkyrkje


Bakgrunnsstoff |


  • Øystre Slidre kommune











Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva