Haram kommune


































































Haram kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Møre og Romsdal


Adm.senter

Brattvåg

Areal
261 km²
 - land
254 km²
 - vatn
7 km²

Folketal
9 345 (1. januar 2018)
Folketettleik

37 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar

Bjørn Sandnes (H)


Kommunenr.
1534




NO 1534 Haram.svg




Wikimedia Commons: Haram

Nettstad: www.haram.kommune.no


Haram er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal.


Kommunen grensar i aust mot Vestnes kommune og i søraust mot Skodje kommune. Over Grytafjorden i sør ligg Ålesund kommune, og mot vest ligg øykommunen Giske kommune. Mot nord ligg Sandøy kommune og Midsund kommune. Administrasjonssenteret i Haram er Brattvåg, med om lag 2300 innbyggjarar.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Tettstader


  • 3 Kommunen


  • 4 Næringsliv


  • 5 Kjende folk frå Haram kommune


  • 6 Kjelder


  • 7 Bakgrunnsstoff





Geografi |


Mesteparten av innbyggjarane i kommunen bur på fastlandet, der dei tre største tettstadene også ligg. Frå sør mot nord ligg også øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya/Skuløya og Fjørtoft.



Tettstader |


Haram kommune har fire tettstader, innbyggjartal pr 1.1.2009 i parantes:



  • Kommunesenteret Brattvåg (2181)


  • Vatne (1667)


  • Søvik (636)


  • Austnes (391)



Kommunen |


Haram kommune vart oppretta ved formannskapslovene av 1837. Den 1. januar 1890 vart den dåverande kommunen delt, og Roald kommune med 794 innbyggjarar vart oppretta. Haram kommune hadde 1956 innbyggjarar etter delinga.[1]


1. januar 1965 vart den noverande storkommunen oppretta, på følgjande vis:



  • Dåverande Haram kommune, med unntak av Myklebustområdet på Harøya med øyane vestanfor (Uksøya, Storholmen m.fl.), som gjekk til Sandøy kommune, med 4689 innbyggjarar

  • Dåverande Vatne kommune, med unntak av Dryna og området på Midøya, som gjekk til Midsund kommune, med 2260 innbyggjarar.


  • Grytastranda, Søvik og Gamlem med øyane vestanfor dåverande Borgund kommune, med 1191 innbyggjarar.[2]


Ved opprettinga hadde den nye storkommunen dermed 8140 innbyggjarar.



Næringsliv |


Kommunen har mykje industri, der dei største bedriftene er VARD i Brattvåg og Søvik, og Rolls-Royce i Brattvåg og på Longva.



Kjende folk frå Haram kommune |




  • Olaus Alvestad (1866–1903), folkehøgskulelærar, avisredaktør og songbokredaktør


  • Ingebrigt Davik (1925–1991), forfattar, kringkastingsmann og barneunderhaldar


  • Ingebrigt Andreas Fjørtoft (1859–1927), døvelærar


  • Lauritz Fjørtoft (1877–1941), døvelærar


  • Olaus Fjørtoft (1847–1878), journalist og politisk agitator


  • Bjarne Flem (1914–1999), fiskar og politikar


  • Per Oddvar Hildre (1950– ), kordirigent


  • Knud Leem (1697–1774), prest, misjonær og språkforskar


  • John O. Longva (1906–1988), fiskar og fabrikkskipspioner



Kjelder |





  1. Dag Jukvam, SSB, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen side 58, vitja 17.februar 2010


  2. Dag Jukvam, SSB, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen side 61, vitja 17.februar 2010




Bakgrunnsstoff |


  • Haram kommune


















Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva