Underordenen Tyranni
Tyranni | ||
Saksetyrann, Tyrannus forficatus Foto: Tyrannus forficatus | ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Passeriformes | |
Underorden: | Tyranni | |
Infraordnadar | ||
| ||
Tyranni er ein underorden av sporvefuglar, òg kalla Suboscines. Han inneheld rundt 1200 artar, det store fleirtalet av desse er søramerikanske. Han er kalla opp etter den biologiske slekta Tyrannus.
Desse har ein annan anatomi for syrinx-muskulaturen enn Oscines, songfuglar av den større underordenen Passeri, derav det populærnamnet suboscines. Dei tilgjengelege morfologiske data, DNA-analysar, og biogeografiske data, i tillegg til avgrensa fossile funn, peikar mot at desse to store underordenar av sporvefuglar er evolusjonært distinkte kladar.
Systematikk |
Ifølgje Sibley og Ahlquist sine arbeid med DNA-DNA hybridisering kan Tyranni delast vidare inn i tre kladar: Acanthisittides, Eurylaimides, og Tyrannides. Den første, som inneheld klatresmettar, Acanthisittidae, har ein omstridd posisjon. Gjeldande oppfatning er at dei er meir sannsynleg eit veldig tydeleg og gamle nedstamming, og utgjer ein eigen underordenen av Passeriformes.
- Eurylaimides inneheld suboscines i «den gamle verda» - hovudsakleg distribuert i tropiske område rundt Indiahavet. Ein einskild amerikansk art, sapayoa er i sin eigen familie.
Calyptomenidae, (engelsk: 'African and Green Broadbills'), 6 artar i 2 slekter
Eurylaimidae, breinebb, 9 artar i 6 slekter
Sapayoidae, eit artstakson sapayoa, i regnskogar i Panama og nordveste Sør-Amerika
Philepittidae, asitiar, 4 artar endemiske til Madagaskar
Pittidae, pittaer, 49 artar i tre slekter,[1] dei fleste lever i Asia
- Tyrannides samlar alle suboscine artar i Amerika, unntaket er amerikanske sapayoa. Rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013.[2]
Thamnophilidae, maurfuglar, 232 artar i 50 slekter
Melanopareiidae, månesmettar, 4 artar i ei slekt
Conopophagidae, myggetarar, 10 artar i 2 slekter
Grallariidae, maurpittaer, 52 artar i 4 slekter
Rhinocryptidae, tapakuloar, 57 artar i 12 slekter
Formicariidae, maurrikser, 11 artar i 2 slekter
Furnariidae, omnfuglar, 301 artar i 70 slekter
Tyrannidae, tyrannar, 414 artar i 99 slekter
Oxyruncidae, skarpnebb, ein art
Cotingidae, kotingaer, 66 artar i 26 slekter
Pipridae, manakinar, 54 artar i 16 slekter
Tityridae, tityraer, 33 artar i 7 slekter
Kjelder |
- Denne artikkelen byggjer på «Tyranni» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2011
- Harshman, John. 2007. Suboscines. Version 18 September 2007. I The Tree of Life Web Project Lest 3. februar 2011
Referansar |
↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2014), Updates & Corrections: August 2014, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.9, Cornell Lab of Ornithology, ref til side 267
(Clementslista, versjon 6.9, august 2014, slekta Pitta blei splitta opp i 3 slekter, og ca. 15 tidlegare underartar blei splitta ut til nye artar)
↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014