Jamvekt




Denne artikkelen handlar om omgrepet i dialektologi. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå likevekt.



Kartet viser kva for norske dialektar som har spor av jamvektsregelen. I det lyseblå området har overvektsord endinga -e, medan jamvektsord har endinga -a. I det mørkeblå området har overvektsord apokope, medan det er omfattande bruk av jamning i jamvektsord.


Jamvekt er eit omgrep i norsk dialektologi som dels brukast til å forklare ei språkhistorisk endring som har resultert i kløyvd infinitiv, dels til å dele inn dei norske dialektane. I dag er det dialektane på Austlandet og i Trøndelag og ein del svenske innlandsbygder som har spor av jamvekt.


Jamvektslova seier noko om korleis uttalen av orda har forandra seg frå norrønt og fram til moderne norsk.




  • Jamvektsord, dvs. infinitiv med kort rotstaving i norrønt, har ikkje fått nokon reduksjon av endingsvokalen. Ei kort rotstaving har både kort vokal og kort konsonant. Her er den norrøne infinitivsendinga -a i f.eks. (å) bera behaldt slik at det i dialektane med jamvekt heiter å bera, å bæra, å bærra, å bårrå e.l. I nokon dialektar finst i tillegg jamning av overvektsord.


  • Overvektsord, dvs. infinitiv med lang rotstaving i norrønt, har fått reduksjon av endingsvokalen. Ei lang rotstaving består av ein lang vokal og/eller lang konsonant. Her er den norrøne infinitivsendinga -a i f.eks. (å) kasta vorte redusert til anten ein -e i kaste (på Austlandet) eller falle heilt bort i kast (i Trøndelag).


Jamvektregelen har verka frå Langesundsfjorden i Telemark og Bykle i Setesdal nordover aust for Langfjella til litt nord for Molde, i Trøndelag og på indre Nord-Helgeland.



Kjelder |




  • Arne Torp og Lars S. Vikør (1993). «4.4.2 Jamvekt og jamning». Hovuddrag i norsk språkhistorie. Oslo: Ad Notam Gyldendal. s. 70-71. ISBN 8241702108. 


  • Helge Sandøy (1996). Talemål. Oslo: Novus. ISBN 9788270992553. 


  • Arild Leitre, Einar Lundeby, Ingvald Torvik, (1991). «Oversyn over dialektane : Jamvektslov i austnorsk, ikkje i vestnorsk». Språket vårt før og no : språkhistorie, norrønt og dialektar. Oslo: Gyldendal. s. 169-172. ISBN 8205185948. CS1-vedlikehald: Fleire namn: forfattarliste (link)




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva