Hanson Hill
Hanson Hill | |
ås | |
Land | Antarktis |
---|---|
Stad | Trinityhalvøya |
- høgd | 900 moh |
- koordinatar | |
Administrert under | Antarktistraktaten |
Plasseringa til Trinityhalvøya. | |
Hanson Hill (Antarktis) |
Hanson Hill er ein snødekt ås, 900 moh, med to lågare toppar, ein i nord og ein i sør, som ligg 4 nautiske mil søraust for Cape Roquemaurel og 3 km vest-nordvest for Zanoge Hill på Trinityhalvøya i Graham Land i Antarktis. Denne åsen vart grovt kartlagd men ikkje namngjeven av den franske ekspedisjonen under kaptein Jules Dumont d'Urville i mars 1838. I 1948 gav UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) han namnet «Thanaron Hill». Dette skjedde etter at Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1946 ikkje klarte å finne eit nes i nærleiken som d'Urville hadde kalla «Cap Thanaron.» Sistnemnde (no Thanaron Point) vart sidan identifisert. I 1963 vart åsen namngjeven på ny av UK-APC etter Thomas A. Hanson, ein landmålar i FIDS ved Hope Bay, 1957–59.[1]
Kjelder |
↑ «Hanson Hill». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 25. november 2012.
SCAR Composite Antarctic Gazetteer.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hanson Hill» (innhald frå Geographic Names Information System).
|