Melanin




Må ikkje forvekslast med melamin eller melatonin.




Albinisme oppstår når melanocyttane produserer lite eller ingen melanin. Bildet er teke i Papua Ny-Guinea.


Melanin (av gamalgresk μέλας melas, 'svart, mørk') er ei samlenemning for ei rekkje naturlege pigment som finst i nesten alle organismar, med unntak av mellom anna edderkoppdyr. Det blir produsert av spesialiserte grupper med bindevev og anna cellevev kalla melanocyttar.[1] Dette skjer gjennom oksidasjon av aminosyra tyrosin, etterfølgd av polymerisering.


Det finst tre grunnleggande former av melanin: eumelanin, feomelanin og nevromelanin. Eumelanin er vanlegast og finst i to former: brunt eumelanin og svart eumelanin. Feomelanin er ein cysteinhaldig, raud polymer som mellom anna fargelegg raudt hår. Nevromelanin er eit mørkt pigment som finst i hjernen. Oppgåvene til dette melaninet er dårleg forstått.



Sjå òg |



  • albinisme

  • hårfarge

  • karoten

  • Addisons sjukdom



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Melanin» frå Wikipedia på engelsk, den 1. desember 2014.





  1. ↑ Langeland, Tor (13. februar 2009). «Melanin». Store Medisinske Leksikon (Store Norske Leksikon). Henta 1. desember 2014. 




Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

Guggisberg

Riksmekleren

Robin Clark