Folkeaksjonen mot utbygging av Alta-Kautokeinovassdraget
Folkeaksjonen mot utbygging av Alta-Kautokeinovassdraget vart stifta 12. juli 1978 i Alta i Finnmark fylke. Folkeaksjonen vart leiande i kampen mot vasskraftutbygging i Altaelva. På det meste hadde dei 20 000 medlemer. Til saman 10 000 deltok i demonstrasjonar. Etter demonstrasjonane delte staten ut bøter, og kraftutbygginga vart gjennomført. Trass i dette hadde aksjonen oppnådd å få merksemd særleg om samane sine rettar.
Sjå også |
- Altasaka
Bakgrunnsstoff |
- Alfred Nilsens opningstale ved Landskonferansen til Folkeaksjonen mot utbygging av Alta/Kautokeino-vassdraget den 30. mai 1981
- Natur og ungdom si framstilling av Altaaksjonen