Henrik Angell





















Henrik Angell

Oberst Angell I.jpg

Fødd
22. august 1861
Død

26. januar 1922


Yrke
oppdagar

Henrik Angell på Commons

Henrik August Angell (fødd 22. august 1861 i Luster, død 26. januar 1922) var ein norsk offiser, eventyrar, skipionér og forfattar.




Innhaldsliste






  • 1 Militær karriere


  • 2 Idrett


  • 3 Heidersteikn


  • 4 Bibliografi


    • 4.1 Bøker


    • 4.2 I tidsskrift - eit utval




  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Militær karriere |


Angell vart offiser 1882, tenestegjorde ei tid i generalstaben og tok generalstabseksamen i 1898. Han vart major og bataljonssjef i infanteriet i 1910, og oberst og regimentsjef i 1911.


Han var på fleire stipendreiser på Balkan i 1912 og 1914 for å studere fri-skarenes bruk i Balkankrigen. Før dette hadde han eit lengre opphald i Montenegro frå 1897 og studerte krigen der.


I 1918 gjekk han av som norsk offiser for å delta på fransk side i krigen. Han vart løytnant i Fremmedlegionen og deltok først ei kort tid på vestfronten. Seinare i krigen mot bolsjevikane i Nord-Russland, der han på «kvit» side fekk kraftige forfrysningar og måtte amputere - dette tok til slutt livet hans.



Idrett |


Same året (1884) som Fridtjof Nansen gjekk på ski frå Bergen til Kristiania gjekk Angell også over fjellet på ski.


På oppdrag frå prins Nikola I av Montenegro fekk han i gang landets første skiskule, og blir rekna som grunnleggjar av skisporten i Montenegro. Han medverka også til at den første skiskulen i dei franske Alpene vart skipa (1903). Angell var medlem av den internasjonale olympiske komité frå 1905 til 1907.



Heidersteikn |


Angell vart tildelt ei rad ordenar og heidersteikn for sitt arbeid.[1] I 1903 vart han tildelt 1. klasse av den norske Medaljen for edel dåd. Han vart dekorert med 4. klasse av den montenegrinske Danilo Is orden, 2. klasse av den serbiske Sankt Savas orden og 3. klasse av den osmanske Mecidi-ordenen. Han vart også ridder av 1. klasse av den svenske Sverdordenen og til ridder av den danske Dannebrogordenen. Angell var offiser av den greske Frelserens orden og ridder av den franske Æreslegionen. I Frankrike vart han også utnemnt til officier des académies.



Bibliografi |



Bøker |


  • 1895 – Gjennom Montenegro paa ski (Oslo: Aschehoug) Les boka her

  • 1896 – De sorte fjeldes sønner (Kristiania: Aschehoug) Les boka her

  • 1898 – Svartfjell-sønerne (Kristiania: Aschehoug) Les boka her

  • 1899 – Svartfjell-sønerne (Kristiania: Norges nationale forening) Les boka her  [Nynorsk utg.]

  • 1901 – Kaptein Jürgensen og leirdølerne hans (Kristiania: Aschehoug) Les boka her

  • 1902 – Et stærkt folk : montenegrinske fortællinger (Kristiania: Aschehoug) Les boka her

  • 1904 – Kjække gutter og jenter : fortællinger for ungdommen (Kristiania: Aschehoug) Les boka her

  • 1905 – Vor sidste krig : 1807-1814 (Kristiania: Narvesen) Les boka her

  • 1905 – Den siste krigen vaar : 1807-1814 (Kristiania: Narvesen) Les boka her  [Nynorsk utg.]

  • 1905 – Fortællinger fra grænsevagten 1905 (Kristiania: Aschehoug) Les boka her

  • 1906 – Forbrydere : et modskrift : nye fortællinger fra grænsevagten (Kristiania: Aschehoug) Les boka her

  • 1906 – Norges krigshistorie : (landkrigene) (Kristiania: Grøndahl) Les boka her

  • 1906 – Stene som taler : billeder og skildringer fra Norges gamles fæstninger (Kristiania: Aschehoug) Les boka her  [Av Severin Segelcke og Henrik Angell]

  • 1908 – Norsk skilauparsoga : øystredølarne (Kristiania: Aschehoug) Les boka her

  • 1908 – Vikinger og skrællinger paa Bygdø : skrevet med blod og tegnet med blæk av vikingen Leiv Hugleikson litle da han var tretten somre gammel (Kristiania: Aschehoug) Les boka her

  • 1912 – Skotteferdi : eit 300 aars minne 1612-1912 (Kristiania: Aschehoug) Les boka her

  • 1912 – Skottetoget : et 300 aars minde 1612-1912 (Kristiania: Aschehoug)

  • 1914 – Eit lite folk i strid for livet : soldatar-sogor fraa Serbia (Kristiania: Aschehoug) Les boka her

  • 1914 – Naar et lidet folk kjæmper for livet : serbiske soldaterfortællinger (Kristiania: Aschehoug) Les boka her

  • 1914 – Syvaars-krigen fra den 17. mai 1807–1814 (Kristiania: Aschehoug) Les boka her  [Illustrasjonar av Andreas Schelven Schroeter Bloch]

  • 1918 – For Frankrikes ret og ære : fra den franske front (Kristiania: Aschehoug) Les boka her

  • 1918 – Frankrikes søner i vaapn og strid (Kristiania: Aschehoug) Les boka her


I tidsskrift - eit utval |


  • Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane


Kjelder |




  1. Norges statskalender for året 1919, efter offentlig foranstaltning redigeret af B. Rolsted, Kristiania: forlagt av H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), 1919, sp. 838 og 1271.



  • Allkunne.no

  • Fylkesleksikon Sogn og Fjordane


  • Roy Andersen (2000). Henrik Angell : en nordmann på tvers. Oslo: Aschehoug.  Parameteren |url-kommentar= er ikkje støtta av malen. (hjelp)



Bakgrunnsstoff |



  • Minnestein over Henrik Angell

  • Gravminner


  • Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik (1978). Tidsskrift. Nummer 26 : dikting og diktarar frå Sogn. Kaupanger: Historielaget for Sogn. 

  • Om Henrik Angell i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva