Haymarket Riot






Haymarket Riot illustrert i Harper's Weekly.


Haymarket Riot var ei hending som skjedde i Chicago i mai 1886, da streikande arbeidarar demonstrerte for 8 timars arbeidsdag på Haymarket-torget. To hundre politimenn gjekk til åtak på dei for å oppløyse demonstrasjonen, da nokon med eitt kasta ei bombe frå ei sidegate. I det kaoset som følgde byrja politiet og somme av arbeidarane å skyte på kvarandre. Da røyken letta, hadde sju politimenn og tre gonger så mange arbeidarar vorte dødeleg såra.


Åtte anarkistar og streikeleiarar vart gripne, tiltala og dømde for å ha medverka til at ei bombe vart kasta mot politiet. Fire av dei dømde vart hengde. Ein femte gjorde sjølvmord i fengselet.


Da prosessen nokre år seinare vart teken opp att, vart det klart at det var skjedd justismord - bokstavleg tala - for det fanst ikkje klare prov for at dei hadde gjort brotsverket dei vart dømde og hengde for. Tre overlevande dømde, vart sleppte fri frå fengselet i 1893. Dei som alt var avretta vart martyrar for arbeidarrørsla.


Til minne om Haymarket-anarkistane vart Første mai teken som internasjonal demonstrasjonsdag for arbeidarrørsla.



Kjelder |


  • I hovudsak svensk wikipedia, art. med same namnet.


Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva