Nynorsk Wikipedia




















Nynorsk Wikipedia
«Det frie oppslagsverket»

Wikipedia-logo-v2-nn.svg

URL
nn.wikipedia.org
Språk
Nynorsk
Grunnlagt
31. juli 2004



Framsida til nynorsk Wikipedia i august 2005.


Nynorsk Wikipedia er eit fritt oppslagsverk på nynorsk og ein del av Wikipedia-prosjektet.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Bakgrunn


  • 3 Sjå òg


  • 4 Kjelder





Historie |


Nynorsk Wikipedia vart oppretta den 31. juli 2004, og har sidan den første artikkelen, om øya Sekken, produsert 142 141 artiklar. Nynorsk Wikipedia kallar seg Wikipedia – Det frie oppslagsverket.


Nynorsk Wikipedia passerte



  •  10 000 artiklar 7. august 2005 med artikkelen om forfattaren og folkeminnesamlaren Edvard Langset

  •  25 000 artiklar 11. august 2007 med artikkelen om den medfødde hjartefeilen Fallots tetrade

  •  50 000 artiklar 11. juli 2009 med artikkelen Fødsel

  •  75 000 artiklar 21. november 2011 med artikkelen om den italienske barokkmålaren Caravaggio

  • 100 000 artiklar 9. april 2013 med artikkelen om den ungarske songaren ByeAlex



Bakgrunn |


Nynorsk Wikipedia byggjer på wikikonseptet. Det vil seie at alle som ønskjer det kan skrive nye artiklar eller endre gamle artiklar som dei ønskjer det. Med andre ord kan ein seie at Nynorsk Wikipedia er eit dugnadsprosjekt mellom fleire tusen registrerte brukarar og eit ukjent tal av uregistrerte brukarar. Heilt tilsvarande prosjekt finst på bokmål og riksmål[1] og på over 200 andre språk.


Alt oppslagsverket publiserer vert publisert under ein fri dokumentlisens. Det vil hovudsakleg seie at alt innhald i Nynorsk Wikipedia kan kopierast, distribuerast og brukast fritt; heilt utan vederlag – so lenge det går klårt fram at kjelda til informasjonen er Nynorsk Wikipedia.



Sjå òg |




  • Wikipedia - artikkelen om fenomenet Wikipedia.


  • Kjelder til ei Nynorsk Wikipedia-historie — ei kort historie i stikkordsform som byggjer på debattar på og kring den heilt nyoppretta Nynorsk Wikipedia (mellom anna på dåverande Vannposten på Bokmålswikipediaen og på den internasjonale e-postlista).


  • Nynorsk nettleksikon - om ulike prosjekt for å laga nynorsk oppslagsverk på internett



Kjelder |




  1. Wikipedia:Målform



Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva