Hugenottar er nemninga på tilhengarane av den reformerte læra i Frankrike. Hugenottane baserte kyrkja si på læra til Jean Calvin.
Orda hugenott (fransk huguenot) stammar frå 1500-talet og skal visstnok kome av det tyske Eidgenosse («forbundsfelle»), på grunn av banda til den sveitsiske reformasjonen. Først vart ordet brukt som skjellsord av motstandarane, men seinare vart det teke i bruk av hugenottane sjølv.
Hugenottane vart forfølgt av dei franske kongane og andre katolske makthavarar. Ein massakre på ei hugenottisk forsamling i Vassay i 1562 gav støyten til ein 30 år lang religionskrig i Frankrike. Den vondaste hendinga i denne krigen er kjent som Bartolomeusnatta. Den 24. august 1572 vart det sett i gang eit blodbad i Paris der fleire tusen hugenottar vart drepne.
Ediktet i Nantes gav i 1598 hugenottane visse fristader. Seinare vart dei igjen utsett for sterkt press frå den franske kongen, og i 1685 vart ediktet i Nantes oppheva. Mellom 200 000 og 250 000 hugenottar emigrerte på grunn av forfølgingane. Særleg drog dei til Sveits og mange statar i dagens Tyskland (hovudsakleg Brandenburg-Preussen, som dei kom til å setje eit sterkt preg på), England, Nederland og Nord-Amerika. Denne utvandringa var eit stort tap for Frankrike sidan hugenottane var dugelege borgarar.
Ikkje før den franske revolusjonen i 1789 fekk hugenottane fulle borgarrettar.
Innhaldsliste
1Kjente hugenottar
2Sjå òg
3Bakgrunnsstoff
4Kjelder
Kjente hugenottar |
Bernard Palissy (ca. 1510–1589) var ein fransk vitskapsmann og keramikar
Peter Carl Fabergé, russisk juveler
Theodor Fontane, tysk dikter og forfattar
Nicolaus Harnoncourt, amerikansk dirigent
Gustaf de Laval, svensk ingeniør og oppfinnar
Sheridan Le Fanu, irsk forfattar
Lothar de Maizière, tysk politikar
Thomas de Maizière, tysk politikar
Friedrich Karl von Savigny, tysk jurist
Anton Friedrich Justus Thibaut, tysk jurist
Chris Gueffroy, det siste offeret for Berlinmuren
Sjå òg |
Potsdam-ediktet
Bakgrunnsstoff |
http://www.hugenotten.de/
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Hugenotter» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mai 2011.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...